Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2021 er tildelt Reinert Kjølleberg fra Vest-Vista i Agder.

Prisen vart tildelt i dag av landbruks- og matminister, Olaug Vervik Bollestad på garden Kjøllestad. 

Reinert Kjølleberg er bonde på Vest-Lista og driv med kjøtt- og mjølkeproduksjon i eit område med svært store kulturlandskapsverdiar. På 1990-talet vart området på Vest-Lista registrert som eit nasjonalt verdifullt kulturlandskap og i 2009 inngjekk det i dei 20 fyrste utvalgte kulturlandskapa i jordbruket (UKL). Eiendommens kystline er verna og høyrer til Listastrendene landskapsvernområde som har eit eigenarta natur- og kulturlandskap.

– Å ta vare på jordbrukets kulturlandskap krever en stor og målrettet innsats. Reinert Kjølleberg og familien har hatt sitt levebrød i dette kulturlandskapet i nesten 43 år. Innsats og engasjement for kulturhistorie og kulturlandskap har vært viktig for både kulturell, sosial, miljømessig og økonomisk verdiskaping i området. Det store og langvarige bidraget til skjøtsel, tilrettelegging og formidling av kulturlandskapet har vært særlig viktig for stedets attraksjonskraft. Dette gir positive økonomiske ringvirkninger for mange ulike lokale aktører. Det er en stor glede for meg å dele ut den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2020 til Reinert Kjølleberg, sier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Reinert har over lang tid kombinert moderne jordbruksdrift med ein betydeleg innsats for å ta vare på og formidle verdiane i kulturlandskapet. Den iherdige innsatsen hans med å setja i stand steingjerder har vore imponerande. Steingjerda, som er typiske kulturminneverdiar i Lista-landskapet, er vakre element i landskapet og nyttige i gardsdrifta.

Ved Reinerts innsats og velvilje har allmennheita fått auka tilgjengelegheit til kulturlandskapet. Han har inngått 10- årige turstigavtaler for den delen av Kyststien som går over eigedom hans, vel 800 meter. Også når det gjeld naturmangfald gjer Reinert ein god innsats. Han skjøttar naturbeitemark ved Pennehuset der dyra hans som er lyngdalsfe, beitar. Dette viser samanheng mellom natur og bygningar og forankrar den norske kulturarven i kulturlandskapet på ein god måte.

Reinert har også ein stor bygningsmasse, blant anna ein nesten 400 år gammal jordkjellar og det gamle våningshuset frå 1500-talet. Sidan UKL Vest-Lista vart etablert i 2009 har Reinert vore representant for Farsund og Lyngdal Bondelag i arbeidsgruppa; ein historieinteressert, kunnskapsrik og engasjert representant! Reinert og familien har hatt levebrødet sitt i dette kulturlandskapet i nesten 43 år. Innsats og engasjement for kulturhistorie og kulturlandskap har vore viktig for både kulturell, sosial, miljømessig og økonomisk verdiskaping i området. Det store og langvarige bidraget til skjøtsel, tilrettelegging og formidling av kulturlandskapet har vore særleg viktig for områdets attraksjonskraft. Dette gjev positive økonomiske ringvirkningar for mange ulike lokale aktørar.

Reinert Kjølleberg er også tildelt Kulturlandskapsprisen i Agder for 2021.

Bakgrunn for prisen

Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om utvelgelsen av det beste prosjektet kvart år.

Statsforvaltarane sine landbruksavdelingar, bondeorganisasjonane og andre er forslagsstillarar til kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.

Kandidatane er vurderte etter følgjande kriterier:

❖ Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet

❖ Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet

❖ Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet

❖ Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet

❖ Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet

❖ Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet

❖ Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet

❖ Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet

❖ Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å – 

❖ Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar

❖ Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet

❖ Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet

❖ Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel

Prisen er tidlegare tildelt:

• 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho

• 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland

• 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland

• 2010 – Vegaøyans Venner

• 2011 – Maridalens Venner

• 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker

• 2013 – Hauan Gard, Re kommune

• 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal

• 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark

• 2016 – Ikkje utdelt pris

• 2017 – Bøndene på Kvitsøy

• 2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya i Åfjord kommune, Trøndelag

• 2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland

• 2020 – Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap, Porsanger i Finnmark

Les også

Olavsrosa tildelt Ivaregga

Ivaregga har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke, Olavsrosa. Den ble utdelt av Erik Lillebråten, direktør i Norsk Kulturarv. Fagrådet i Norsk Kulturarv si vurdering: Plassen har kulturhistorisk verdi knyttet til Røros kobberverk, som betydde mye for utviklingen av Tolga. Bygningene...

Olavsrosa tildelt Børkjens gård

For 20 år siden ble Jarle og Marit Tveit gårdeiere i Hamrabø i Suldal. Børkjenes gård med sine 40 tilhørende bygninger har gitt den tidligere regnskapsføreren og kona nok å henge fingrene i. Tidlig i sommer mottok de Olavsrosa som...

Utdeling av den nasjonale kulturlandskapsprisen 2023 til Skjolden Beitelag

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2023 er i dag 23.08.2023 tildelt Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen.Mørkridsdalen landskapsvernområde (LVO) vart oppretta 7. august 2009 samstundes med Breheimen nasjonalpark. LVO grensar til nasjonalparken, og er ein viktig innfallsport...