Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2025 er delt ut til Rita Dyrnes Flatvad og Knut Flatvad på Østigard Flatvad i Sunndal i Møre og Romsdal. GRATULERER med velfortent pris. 4 generasjonar Flatvad tok imot. Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen stod for overrekkinga.


Dei har dreve garden Østigard Flatvad sidan 2005.
Som heiltidsbønder har dei utvikla garden til ei mangfaldig bedrift. Dei er gode eksempel på korleis
bønder kan bidra positivt på viktige område, som auka verdiskaping og å ivareta kulturminne,
kulturlandskap og naturmangfald.
Dei har dei siste åra rydda eit stort kulturbeite for storfe, og arbeider nå med å få til beiting i gamle
seterområder igjen. Det er lagt inn mykje innsats for å fjerne uønska artar, og for å så inn stadeigne
blomar for å ivareta pollinerande insekt.

I dag bur tre generasjonar på garden. Alle delaktige i gardsdrifta.
Drivarane har ein aktiv landbruksproduksjon med to foretak: Flatvad Mjølk DA med ca 55 mjølkekyr
og Østigard Flatvad – 27 avlspurker og ca 390 smågris. Østigard Flatvad har 900 mål jord. Noko av
dette er leigd frå andre gardar i bygda. I tillegg har dei produksjon av gras og korn. Den aktive bruken
av innmark- og utmarksressursane utgjer ein heilskap.
I ti år har Rita hatt besøksgard for barnehagar og skular. Ungane har fått lære om aktivt landbruk, og
har fått dyrke mat i kjøkenhagen på garden. Grønnsakene blir brukte på skulekjøkenet.
I tunet på Flatvad er det 3 SEFRAK-registrerte hus; Ei smie frå 1800-talet, eit stabbur og nordmørslån frå 1700-talet.

– «Knut og Rita sitt arbeid viser tydeleg viktigheita av det aktive landbruket, som kulturlandskapspleiar og
som produksjonslandskap for å sikre norsk matproduksjon. Deira innsats gjer dei til framifrå ambassadørar
for landbruket», uttala statsforvaltar og juryleiar Else May Botten da Knut og Rita vann
Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal for 2024.
Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad engasjerar seg også i grendelaget, og har blant anna vore med på
å opparbeide turstigar i området. Dei er aktive og engasjerte medborgarar, og Knut har i tillegg vore
leiar for Sunndal Bondelag i mange år.

Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med
Landbruks- og matdepartementet om utvelgelsen kvart år.
Statsforvaltarane, bondeorganisasjonane og andre er forslagsstillarar til kandidatar til Den Nasjonale
Kulturlandskapsprisen.
Kandidtatane blir vurderte etter følgjande kriterier:
 Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
 Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
 Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
 Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
 Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
 Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
 Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
 Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
 Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å –
 Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar
 Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
 Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet
 Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel


Prisen er tidlegare tildelt:
 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland
 2010 – Vegaøyans Venner
 2011 – Maridalens Venner
 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker
 2013 – Hauan Gard, Re kommune
 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark
 2016 – Ikkje utdelt pris
 2017 – Bøndene på Kvitsøy
 2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya i Åfjord kommune, Trøndelag
 2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland
 2020 – Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap, Porsanger i Finnmark
 2021 – Reinert Kjølleberg, Vanse i Agder
 2022 – Nettverket Stange Vestbygd, Innlandet
 2023 – Skjolden beitelag, Vestland
 2024 – Verdensarvbøndene i Undredal, Vestland


Jury for årets pris er:
 Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen – Juryleiar
 Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag
 Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
 Eli Reistad, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
 Hanna Geiran, riksantikvar
 Jørn Holme, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv
Prisen er eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga
av Landbruks- og matdepartementet.





Les også

Olavsrosa er tildelt Karèttoget

Karèttoget ble onsdag 30.09.2026 tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. Styreleder Jørn Holme delte ut Olavsrosa på Elverum, da hadde toget…

Ta et tak – 2026

Foto: Jens Zeuthen Meyer I styremøtet sitt i april 2026, tildelte Stiftelsen UNI 5 millioner kroner til Norsk Kulturarv til…