(Bilde fra Søndre Elton)

Nå kan man nominere til den Nasjonale kulturlandskapsprisen 2023

Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet om utvelgelsen kvart år.

Statsforvaltarane, bondeorganisasjonane og andre er forslagsstillarar til kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.

Invitasjon finner du her: https://kulturarv.no/wp-content/uploads/2023/02/INVITASJON-Nominasjonar-Nasjonal-Kulturlandskapspris-2023.pdf

Kandidtatane blir vurderte etter følgjande kriterier:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å –

  • Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar
  • Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
  • Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet
  • Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel

Prisen er tidlegare tildelt:

  • 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
  • 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
  • 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland
  • 2010 – Vegaøyans Venner
  • 2011 – Maridalens Venner
  • 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker
  • 2013 – Hauan Gard, Re kommune
  • 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
  • 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark
  • 2016 – Ikkje utdelt pris
  • 2017 – Bøndene på Kvitsøy
  • 2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya i Åfjord kommune, Trøndelag
  • 2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland
  • 2020 – Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap, Porsanger i Finnmark
  • 2021 – Reinert Kjølleberg, Vanse i Agder
  • 2022 – Nettverket Stange Vestbygd, Innlandet

Jury for årets pris er:

  • Landbruks- og matminister Sandra Borch – Juryleiar
  • Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag
  • Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
  • Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
  • Hanna Geiran, riksantikvar
  • Jørn Holme, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

Prisen vil bestå i eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga av Landbruks- og matdepartementet.

Søknadsskjema finner du her: https://kulturarv.no/wp-content/uploads/2023/02/Den-nasjonale-kulturlandskapsprisen-2023-NOMINASJON.doc

Ber om at nominasjonane blir senda Norsk Kulturarv på eige skjema innan 1. mai.

Postboks 26, 2684 VÅGÅ  –  post@kulturarv.no

Les også

Program for Norsk Kulturarv`s årsmøte 2024

Nå er programmet for Norsk Kulturarv`s årsmøte i Hardanger klart. Lenke til program og påmelding ligger under her. Har du lyst til å delta på årsmøtet digitalt? Da kan du sende en epost til post@kulturarv.no og melde deg på der....

«Ta et tak» 2024-25

10 millioner til ny «Ta et tak»-aksjon (Foto: Anne Hjetland) I styremøtet sitt 28. februar, tildelte Stiftelsen UNI 10 millioner kroner til Norsk kulturarv til en ny «Ta et tak»-aksjon for 2024-25. Dette blir den 17. aksjonen siden starten i...

Kulturminnedagene 2024. «Spor, nettverk og forbindelser»

(Foto: Hans Martin Østerhaug) Bli med som arrangør av Kulturminnedagene og søk om 30.000,- i arrangementsstøtte før fristen 19. april! I år avholdes Kulturminnedagene i tidsrommet 31. august til 8. september. Temaet for årets festival er «Spor, nettverk og forbindelser» og...