Foto: Landbruks- og matdepartementet. Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2020 blir tildelt Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap i Porsanger. Prisen ble utdelt av Landbruks- og matminister Olaug Bollestad tirsdag 18.august

 

Goarahat og Sandvikhalvøya i Porsanger kommune ligg i eit sjøsamisk område, rikt på kulturminne med blant anna tufter frå yngre steinalder, bergkunst og samiske sagn knytta til dolomittsøyler i Trollholmsund. Området er ein del av Porsangerdolomitten som finns i ei lang sone som kan følgast frå Stabbursdalen via Reinøya og over til fastlandet rett nord for Børselv.

Området har aktive bønder med mjølke- og kjøttproduksjon, og er eit viktig beiteområde for både sau og rein.

Det er 1288 dyr på beite i området fordelt på 8 bruk, med totalt over 17 000 dekar utmarksbeite.

Hovednæringa i området er landbruk, med 2 081 dekar jordbruksareal i drift.

Porsangerdolomitten er grunnlaget for det biologiske mangfaldet i området Goarahat og Sandvikhalvøya. Her finn ein mange ulike og trua kulturbetinga naturtyper, slik som dei artsrike slåttemarkene med blant anna graslauk, naturbeitemarker og ikke minst rike strandenger og strandberg med silkenellik og Finnmarks-nøkleblom. Her er òg godt utvikla og næringsrike kulturlandskaps-sjøer med ulike våtmarksfuglar, slik som hekkande horndykkarar.

Det finns òg mange historiske verdiar, med blant anna eitt av Nord-Europas største funn av bergmaleri.

Dei fleste bygga i området er gjenreisningshus frå rett etter 2. verdskrigen – Mange små bygg er satt opp med restmaterialar frå blant anna flyplassen i Lakselv. Eit gjenreisningsfjøs frå området er tatt ned og gjenoppført ved Norsk Folkemuseum.

Goarahat og Sandvikhalvøya vart valgt ut til ordninga «Utvalgt kulturlandskap i jordbruket» i 2012.

Det lokale engasjementet er stort, med erfaringsutveksling mellom barn, ungdom og vaksne. Dei arrangerar slåttedagar, og utviklar kreative, spennande og bærekraftige matprosjekt der lokal matproduksjon, bruk av ville plantar og tradisjonsrik mat står på menyen.

Dei arrangerar òg nasjonale kartleggingsprosjekt for det biologiske mangfaldet.

 

I starten var skjøtsel og istandsetting av kulturlandskapet dei prioriterte tiltaka. No er dette blitt ein del av «kvardagen», og store, nye prosjekt har sett dagens ljos. Slik som for eksempel «Kulturformidling på Vestersida». Her kartlegg ein noverande status og moglegheiter/ ønskje i samband med kulturformidling og næringsutvikling innanfor Goarahat og Sandvikhalvøya utvalde kulturlandskap. Dette er basert på eit samarbeid mellom lokale aktørar og reiselivet/ opplevelsesnæringane.

Prisen er tidlegare tildelt:

2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho

2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland

2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland

2010 – Vegaøyans Venner

2011 – Maridalens Venner

2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker

2013 – Hauan Gard, Re kommune

2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal

2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark

2016 – Ikkje utdelt pris

2017 – Bøndene på Kvitsøy

2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya i Åfjord kommune, Trøndelag

2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten

 

Jury for årets pris er:

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad – Juryleiar

Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag

Kjersti Hoff, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag

Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet

Hanna Geiran, riksantikvar

Kirsti Kolle Grøndahl, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

 

 

Prisen består av eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga av Landbruks- og matdepartementet.