
Christian Sulheim frå Bøverdalen i Lom får Norsk Kulturarvs ærespris 2017.

Norsk Kulturarvs styre vedtok i sommar å tildele organisasjonens grunnleggar, Christian Sulheim, årets ærespris. Utdelinga gjekk føre seg på vakre Sulheim i Bøverdalen den 15. september. Sulheim blei tidleg ein talsperson for eigarar av freda bygningar og var initiativtaker i 1983 til stifting av Foreninga for eigarar av freda hus i Nord- Gudbrandsdalen. Han leia foreninga fram til 1992 og var med på å sette det private eigarskapet til nasjonale verdiskattar på den politiske dagsorden. Med si sterke utstråling, sin klokskap og sjarmerande bøverdalsdialekt nådde han fram til mange med budskapet. Foreninga med Sulheim i spissen fekk med seg fylkeskommune og Kommunaldepartement til etablering av Senter for bygdekultur i Vågå i 1988.
Også med god støtte frå Kommunaldepartementet medvirka Christian Sulheim sterkt til etablering av stiftinga Norsk Kulturarv i 1993 med Oppland fylkeskommune som stiftar. Sulheim gjekk inn som dagleg leiar og med sitt store kontaktnett fekk han mange med på laget. Han fekk etablert geniale ordningar som kvalitetsmerket «Olavsrosa» og tilskotsordninga «Ta eit tak». Christaian Sulheim tok med si erfaringa frå Uppigard, Sulheim og argumenterte sterkt for vern gjennom bruk som etter kvart har blitt adoptert i heile kulturminnevernet i Noreg. Christian Sulheim gjekk ut av lederstillinga i Norsk Kulturarv i 2001.
Christain Sulheim har hatt mange vern i foreninger og komiteer so har arbeidd med kulturminnevern som styret io Fortidsminneforeninga, kulturkomiteen i Selskapet for Norges Vel og Kulturminneutvalget nedsett i 1999 av Miljøverndepartementet for utarbeing av melding om ny kulturvernpolitikk. Sulheim har også vore med i internasjonale organisasjonar, mellom anna visepresident i Network of National Heritage Organizations og i 2001 blei han innvalgt som første æresmedlem i National Trust og Russia.
Christian Sulheim er fødd på og driv ein av Noregs eldste slektsgardar, Uppigard Sulheim i Bøverdalen i Lom kommune. Garden har ei stor samling med eldre, freda bygningar.
Bakgrunn
Formålet med SNKs ærespris er å fremme interessen for den norske kulturarven, og heidre nokre av dei som har utmerka seg spesielt innanfor dette området. Prisen kan tildelast enkeltpersonar eller grupper, lag og organisasjonar som har

og direktør, Erik Lillebråten frå Stiftelsen Norsk Kulturarv.
synt evne og vilje til å yte aktiv innsats for ivaretaking, aktualisering, formidling eller i det å gjera den norske kulturarven tilgjengeleg. Tidligare er SNKs ærespris tildelt Nasjonale Turistveger (2007), Harald Grytten, Møre og Romsdal (2008), Engøyholmen kystkultursenter, Stavanger (2009), Storfjordens Venner, Møre og Romsdal (2010), Astri Riddervold, Nordland (2011), Jon Ole Andersen, Finnmark (2012), Oddgeir Bruaset, Møre og Romsdal (2013), Jon Bojer Godal, Møre og Romsdal (2014), H.M. Dronning Sonja (2015), Jon Brænne, Oslo (2016).