Meisterkokk, Per Ivar Berget, kjem attende til Norsk Smaksskule for å jobbe med den storstilte kosthaldssatsinga smaksskulen lanserte tidlegare i år.

Seinhaustes i år lanserte Norsk Smaksskule si nasjonale kosthaldssatsing som dei startar opp på nyåret i samarbeid med Gjensidigestiftelsen som løyva om 2,8 millionar til prosjektet. I to og eit halv år framover skal Norsk Smaksskule arbeide systematisk med positiv atferdsendring knytt til barn og unge landet over. No er ein kokk tilsett i samband med satsinga – og det vart ein gamal kjenning for smaksskulen.

Per Ivar Berget har bakgrunn som mangeårig kjøkensjef på Arne Brimis Vianvang i Vågå, fram til han våren 2015 vart tilsett som kokk og kurshaldar i Norsk Smaksskule. Berget slutta i Norsk Smaksskule i våre, men er no attende for å vera ein del av den nye satsinga på smak, kosthald og ernæring.
– Vi er svært glade for å ha Per Ivar attende i våre rekkjer og vi ser fram til å ta fatt på kosthaldsprosjektet som no sparkast igong over nyttår, sier leiar for Norsk Smaksskule, Tor Valdvik. Valdvik fortel at Berget med si erfaring frå kokkefaget samt kursverksemd i og utanfor smaksskulen gjorde valget enkelt.

Per Ivar Berget ser fram til å ta fatt på jobben i Norsk Smaksskule. – Eg har no vore ute eit halvt år, så eg ser fram til å fortsetja dette viktige arbeidet. Eg kjende at vi har mykje ugjort og ser fram til å  vera med å utvikle Norsk Smaksskule vidare.
 

Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Stiftelsen Norsk Kulturarv som arbeider for at barn og unge skal få flest mogleg smaksreferansar i ung alder. Dei arrangerar kurs for lærarar og barnehagelærarar og besøkjer skulane og barnehagane i ettertid. Formålet med arbeidet er å skape bevisste forbrukarar for framtid.
 

Les også

Olavsrosa tildelt Inderdalen Gård

Inderdalen Gård har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. Inderdalen er den øverste gården i Bryggfjelldalen. Dette er et komplett tunanlegg med eldre bebyggelse. Bruket er eten av de best bevarte fjellgårdene i sitt slag i distriktet. Hovedbygningen og buret...

Olavsrosa tildelt Sjømilitære Samfund

Sjømilitære Samfund har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. (Foto, Sjømilitære Samfund: fra venstre Ina Christine Willie, Torill Thorsen, Stig Thorsen og Christina Maria Bratli) Sjømilitære Samfund har en velbevart hovedbygning i sveitserstil tegnet av arkitekt Henrik Nissen, og er...