I forbindelse med at Maihaugen skal ha den nordiske utstillinga «MAT – mer enn et måltid» i 2022/2023, dreg nå prosjektet «Barnas matfat i Innlandet» i gang.

Maihaugen og Norsk Smaksskule samarbeider om matprosjektet som er retta mot barn og unge på 9.trinn i Innlandet. Elevane skal dokumentere lokale og regionale matrettar og setja fokus på regionale særpreg og likskapar i innlandsk matkultur. Elevane skal i samarbeid med prosjektet og lærarar lære meir om norsk og internasjonal matkultur med utgangspunkt i sitt lokalmiljø gjennom undervisning, tilbereding av matrettar, samt lage si eiga matutstilling. I neste omgang skal delar av utstillingane presenterast på Maihaugen i forbindelse med den nordiske utstillinga «Mat – mer enn et måltid».

Vi slår på stortromma og brukar mesterkokk Arne Brimi og Frida Vennerød-Diesen på kick-off kurs for mat- og helselærarar på 9.trinn i heile Innlandet. Fyrste kurset går av stabelen på Vianvang 28.mars. Brimi og Vennerød- Diesen vil inspirere mange lærarar til å melde seg på. Desse to kapasitetane held og kurs på Dokka, Alvdal og Geitmyra Matkultursenter i Ringsaker.

Frida Vennerød-Diesen er forskar med mastergrad i utviklingspsykologi, og ein doktorgrad i utvikling av smakssansen hjå barn. Ho brenn for å dele kunnskap om barn, smak og mat på ein lett forståeleg måte. Frida fekk andreplass i Forsker Grand Prix i 2018, den nasjonale konkurransen i formidling av forskning. Ho har også skrive boka «SMAK – Hvorfor barn liker det de liker og hva du kan gjøre med det».

Arne Brimi er ein av dei mest profilerte kokkane i Norge, kokebokforfattar og ein av initiativtakarane til Norsk Smaksskule.

Meisterkokk, Arne Brimi gler seg til å koma igong med nybrottsarbeidet. – Alle regionar har sine særeigenheitar, og vi gledar oss stort til ungdommane i Innlandet skal presenterer våre innlandske matskattar på Maihaugen i oktober, seier Brimi.

Søknader kan sendes til tor@kulturarv.no.

SØKNADFRIST 24. MARS

Les også

Stiftelsen Norsk Kulturarv inn i referansegruppe

Setersatsing i årets jordbruksoppgjør (Foto: Randi Valde) Fjellbeitene er ein viktig ressurs, men med tilgang på all verdens ressursar og import av matvarer, er våre eigne blitt mindre lønnsame. På 100 år har 90 000 setre blitt til 900, og...

Gode smakar, framifrå ungdom og fullt hus

Opning av utstillinga « Ungdommens matfat i Innlandet» vart ein stor dag for Norsk Smaksskule, for ungdommar og lærarar som har vore med på prosjektet og sist men ikkje minst Maihaugen. Utstillinga er ein del av Maihaugen si utstilling «Mat-mer...

Møte med Kulturmiljøutvalget – Norsk Kulturarvs innspill

Foto: Sygard Grytting Sammen med Foreningen Fredet har Stiftelsen Norsk kulturarv i dag møtt Kulturmiljøutvalget i innledende og viktig møte med tanke på arbeidet med den nye «Kulturmiljøloven». Det vi – som interesseorganisasjon for eiere av fredete og verna kulturminner...