I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.

Under handsaminga av statsbudsjettet for 2021 vedtok stortingsfleirtalet å kutte ti millionar til Kulturminnefondet. Reaksjonane var sterke, noko som mellom anna kom til uttrykk i eit ope brev frå direktør i Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten til statsråd Rotevatn før jul.

– Ut frå tidlegare berekningar, kan vi anslå at dei 10 millionane totalt sett ville gjeva ca 35 millionar i verdiskaping. Du og regjeringa skulle heller lansert ei større satsing på kulturminnevernet som ei knakande god tiltakspakke for å møte den forferdelege corona-pandemien, skreiv mellom anna Lillebråten. No har altså dei borgarlege partia snudd. 

Avtala mellom samarbeidspartia er framleis ikkje formelt vedteke i Stortinget, men sidan dei fire partia har fleirtal på Stortinget reknast det som formaliteter.

Les også

Olavsrosa tildelt Inderdalen Gård

Inderdalen Gård har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. Inderdalen er den øverste gården i Bryggfjelldalen. Dette er et komplett tunanlegg med eldre bebyggelse. Bruket er eten av de best bevarte fjellgårdene i sitt slag i distriktet. Hovedbygningen og buret...

Olavsrosa tildelt Sjømilitære Samfund

Sjømilitære Samfund har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. (Foto, Sjømilitære Samfund: fra venstre Ina Christine Willie, Torill Thorsen, Stig Thorsen og Christina Maria Bratli) Sjømilitære Samfund har en velbevart hovedbygning i sveitserstil tegnet av arkitekt Henrik Nissen, og er...