
I dag er det unntak frå energikrava for lafta bustader og fritidshus. Dette inneber dispensasjon frå minstekrav om isolering av yttervegg i nye bygg.
I dag er det unntak frå energikrava for lafta bustader og fritidshus. Dette inneber dispensasjon frå minstekrav om isolering av yttervegg i nye bygg. Direktoratet for byggkvalitet har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet sendt på høyring forslag til nye energikrav for bygg. Dei nye krava er ei oppfølging av klimaforliket i Stortinget, og dreiar seg særleg om at nye bygg skal bli meir energi-effektive.
Høyringsrunden vart avslutta i mai, og det kom fleire innspel som peikte på kor viktig det er å ta vare på norsk lafteteknikk for framtida. Saman med Fortidsminneforeningen sende vi i Norsk Kulturarv inn omfattande merknader til forskrifta. I ettertid har vi blant anna hatt møte med statssekretær Per-Willy Amundsen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Vi har heile tida hevda at unntaket i byggteknisk forskrift for bygningar med lafta ytterveggar må vidareførast. Ei fjerning av unntaket ville hatt negative klima- og miljøkonsekvensar. I tillegg til å vera svært skadeleg for den unike bygningsarven vår, ville kravet vore problematisk med tanke på dei internasjonale forpliktingane våre når det gjeld bevaring av immateriell kulturarv.
Det høyrer med til historia at Riksantikvaren har lagt fram ein rapport om konkluderer med at lafta bygg er meir miljøvennlege enn passivhus. – Vi stusset over påstandene om at vår eldste bygningstradisjon med bruk av naturens materialer skulle være en miljøversting. Derfor ba vi om en uavhengig rapport fra Civitas. De har undersøkt klimagassutslipp i et livsløpsperspektiv og sammenlignet et laftet bolighus med et standard TEK 17-bygg. Konklusjonen er at laftede tømmerhus er bra for miljøet, seier riksantikvar Jørn Holme.
Nå er vi svært glade for å registrere at Kommunal- og moderniseringsdepartementet er innstilt på å oppretthalde unntaket for laftahus i byggforskrifta. Å kunne ha faglærte tradisjonshandverkarar i framtida er viktig for å kunne byggje nye laftahus etter gammal byggjeskikk, og for å utføre istandsetting av eldre bygningar i laft. Dersom oppgåvene med bygging av nye, store laftahus hadde falle bort, ville vi ikkje kunne oppretthalde ein stor nok «stab» av fagpersonar som også kan ta istandsettingsoppgåver og ta del i opplæring av nye handverkarar. Miljøet innan bygningsvernet ville ha vorte meir spinkelt og sårbart.
Takk, statsråd Jan Tore Sanner! Vi er glade og tilfredse, og håpar vi slepp å bruke fleire ressursar på denne debatten i framtida.
Erik Lillebråten
direktør
erik@kulturarv.no