
Er du kreativ, nytenkjande og framoverlent? Vil du vera med å vidareutvikle Norsk Smaksskule? Vi søker offensiv og resultatorientert person i 6 månadars engasjement frå nyttår.
Om Norsk Smaksskule
Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Norsk Kulturarv som tilbyr kurs for skule- og barnehagetilsette som treng fagleg påfyll til korleis dei skal jobbe med smak, mat og råvarer med ungane. Dei siste åtte åra har vi kursa godt over tusen skule- og barnehagelærarar gjennom vårt kompetansehevingsprogram. I tillegg har vi besøkt nær 200 skular og barnehager over heile landet. Norsk Smaksskule var i 2019 Norges kandidat i finala av Embla Nordic Food Awards i Reykjavik i kategorien barn og unge.
Om stillinga
Covid-19 har gjeve utfordringar – no vil vi nytte tida til å sjå moglegheiter. Norsk Smaksskule skal gjennomføre eit intensivt prosjekt med fokus på innovasjon januar-juli 2020 og søkjer ein dyktig medarbeidar til dette i ei 60% stilling fram til og med juni. Det kan verta moglegheit for forlenging. Vi søkjer ein offensiv og resultatorientert prosjektmedarbeidar i engasjement som kan starte på stutt varsel – gjerne allereie frå januar. Medarbeidaren lyt vera viljug til å gjera varierte arbeidsoppgåver og ofte på stutt varsel.
Ser du på dette som ei spennande utfordring, send ein e-post om kvifor vi bør tilsette deg til tor@kulturarv.no. For spørsmål, ta kontakt med ein av kontaktpersonane.
Kontorplass i Vågå
Søknadsfrist: 18. desember
Erik Lillebråten Tor Valdvik
Direktør, Norsk Kulturarv Prosjektleiar, Norsk Smaksskule
Tlf 909 71 257 / E: erik@kulturarv.no T 951 76 019 / E: tor@kulturarv.no
