Hjem / Vamp

Vamp

Del
Vamp og sommerturnè heng saman og i år er ikkje noko unntak! Vampkatalogen er stor og innhaldsrik og har massevis av songar som passar ypperleg for denne årstida. I alt skal det spelast rundt 40 konsertar, for det meste utekonsertar, frå slutten av mai til månadskiftet august/september. Det blir konsertar i bygd og by, i naturvakre omgivelsar og i meir urbane strøk. Publikum vil møta Vamp i hagen til historiske hotell, i bakhagar og i parkar, på fjellet og i havgapet, på øyar og i dalsøkk – og på festivaler. Og me er glad for at dei tar turen innom Moster Amfi! Vamp guttar på tur: Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel Jan Toft: vokal, gitar Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel Bjørn Berge: gitarer, banjo, vokal Kjetil Dalland: bass, kor Lars-Erik Støle: orgel, trekkspel, kor Billettar på www.bomlo.net
Dato 
20. juli
Sted 
Moster Amfi