Hjem / Søknadsskjema til Norsk Smaksskule er opna

Søknadsskjema til Norsk Smaksskule er opna

Del
Det er fem år sidan Norsk Smaksskule starta opp med kurs for skule- og barnehagelærarar. No rullar smaksskulen vidare og søknadsskjemaet for Norsk Smaksskule er no ute. (Foto: Ingrid Blessom/Norsk Kulturarv)

I 2012 starta pilotprosjektet med kurs av i overkant av 30 skule- og barnehagetilsette i Lom i Gudbrandsdalen. Sidan har over 700 skule- og barnehagetilsette frå heile landet delteke på gratis kurs i Norsk Smaksskules regi. No riggar smaksskulen for meir matglede.

SØKNADSSKJEMAET FINN DU HER.(KLIKKBAR)

Til hausten blir det kurs i Haugesund, Trondheim, Ås i Akershus og Vågå. I tillegg er det to kurs i Oslo. Fokus under kurset er matglede og korleis ein kan skape positive atferdsendringar knytt til smak og kosthald hjå ungane.
 

Dr Agric Einar Risvik(bildet) held kursa på fyrste dag på samtlege kursstadar også i år. Elles har vi følgjande kurshaldarar:

Haugesund: Frode Selvaag held kurs på dag to under kurset i Haugesund 23. og 24. August
Oslo: Jørn Lie held kurs på dag to under kurset i Oslo 30. og 31. August
Oslo: Ståle Johansen held kurs på dag to under kurset i Oslo 20. og 21. August
Trondheim: Per Ivar Berget held kurs på dag to under kurset i Trondheim 6. og 7. september
Lom: Arne Brimi held kurs på dag to under kurset i Lom 27. og 28. august
 

Publisert 
Fredag, 2 mars, 2018
Les også 

Museumsdirektør ved Blaafarveværket Tone Sinding Steinsvik, vinner EUs Kulturminnepris/Europa Nostra Award 2018.
"Årlig er 650 000 besøkende innom friluftsmuseene i Oppland og Hedmark. For reiselivet har disse husene stor verdi, enten de er samlet på tun i museene eller de står i sine opprinnelige omgivelser ute i bygdene. For oss som bor i dalførene og mjøsbygdene er de både arv, identitet og arena for mange kulturarrangementer", skriver Venstres stortingsrepresentant, Kjetil Kjenset
Høsten 2013 arrangerte Norsk Smaksskule sitt første kurs for lærere og barnehagelærere. Fem år senere har mange hundre lærere vært gjennom kursprogrammet. (FOTO: Ingrid Blessom / Norsk Kulturarv)
Torsdag 12. april arrangeres det NM i møbelsnekring og treskjæring på håndverksskolen på Hjerleid, Dovre. (EM:Njål Andreassen deltok i EM i møbelsnekring i 2016, Njål er nå ansvarlig for tegning og planlegging av møbelsnekkermesterskapet. Foto: Helle Hundevadt)