Hjem / Smaksfest på Finnøy med Arne Brimi og Ryfylkekokken

Smaksfest på Finnøy med Arne Brimi og Ryfylkekokken

Del
Tysdag vart Norge på tvers avrunda med smaksfest på Hesby barnehage på Finnøy i Rogaland.

Norsk smaksskule har iløpet av to veker vitja Halden, Hvaler, Eidsberg, Sandefjord, Vinje, Sauda og Stavanger - før det vart sett eit punktum i fjæresteinane utanfor Hesby barnehage på Finnøy i Ryfylke tysdag. Arne Brimi og Frode Selvaag

laga smaksfest med tomatsmaking i ulike former, varm eplesaft, fisk på fjøl, lokale nypotetar og blomkål dyrka nokre steinkast frå der det gjekk føre seg. Ungane viste seg òg å vera miljøbevisste då dei nytta pausa medan maten godgjorde seg ved bålet til å rydde søppel i fjæra. Det heile vart avslutta med ein blåbærrett og knallblå tungar på store og små. 

Les gjerne også sak om besøket i lokalavisa Øyposten her.

Her kan du høyre frå når Øystein Otterdal frå NRK Rogaland sitt besøk på smaksskulearrangementet. 

Publisert 
Torsdag, 16 mai, 2019
Les også 

Snart kjem Kulturarven nr 86 ut i postkassa til våre medlemmer.
På dagen for 25-årsjubileet til NaKuHel-senteret i Asker er Smia og verkstedet på Sem i Asker er tildelt det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa.
Meld deg inn i Norsk Kulturarv i dag og få gratis medlemsskap ut året samt Arne Brimis kokebok i velkomstgave! Send kulturarv til 2090
Norsk Smaksskule har i fleire år vore ein del av det internasjonale forskningsnettverket for smak, mat- og kosthaldsvaner, Sapere. Førre veke var dei representerte på University of Cambridge for SAPERE Symposium 2019.