Hjem / Ope brev til Riksantikvar, Jørn Holme - Setrene i Vesllie i Dovrefjell Nasjonalpark

Ope brev til Riksantikvar, Jørn Holme - Setrene i Vesllie i Dovrefjell Nasjonalpark

Del
Kulturmiljøet «Vesllie» med dei to setrene der må fredast av Riksantikvaren, før utvidinga av nasjonalparken på Dovrefjell på uforståeleg vis øydelgg viktige spor etter forferdane våre. Ei «kulturmiljøfredning» inneber fyrst og fremst at ein nyttar fredning som reiskap for å ta vare på den viktige samanhengen og heilheita i miljøet. Den omfattar berre uteareala og det utvendige av bygningane, ikkje det innvendige.

Av Erik Lillbråten, Direktør i Norsk Kulturarv

Ved kongeleg resolusjon frå Klima- og miljødepartementet v/ Statsråd Ola Elvestuen angåande «Utvidelse av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, oppretting av tilgrensende nytt Hjerkinn landskapsvernområde med biotopvern, samt endring av grensene for Fokstugu landskapsvernområde i Dovre og Lesja kommuner» har regjeringa utvida Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark ved å verne det tidligere skytefeltet på Hjerkinn. Nasjonalparken er auka med over 130 kvadratkilometer. I tillegg har regjeringa oppretta eit nytt Hjerkinn landskapsvernområde på 45 kvadratkilometer.

Forsvaret og storsamfunnet har brukt store ressursar på å restaurere det tidlegare skytefeltet, der det før vart slept klasebomber og kjørt med tunge stridsvogner. Opprydnings- og restaureringsarbeidet Forsvaret og Forsvarsbygg gjennomfører, er norgeshistorias største naturrestaurerings-prosjekt og eit unikt miljøprosjekt i norsk og internasjonal målestokk. Etter planen skal restaureringsarbeidet vera ferdig i 2020.

Statskog, Dovre kommune, Dovre Fjellstyre, Lesja kommune, Lesja fjellstyre, Jora beitelag og Dovrefjell nasjonalparkstyre har kome med forskjellige innspel og innvendingar til at utvidinga av nasjonalparken legg opp til at setrene i Vesllie skal fjernast.
Dei hevdar blant anna at:
• Setrene er viktige kulturminne i kulturlandskapet, ikkje minst for lokalbefolkninga som ein viktig del av deira kulturarv.
• Bygningane kan brukast av fjellstyrene i samband med ivaretaking av bruksretten i området f.eks som tilssynsbu, og i anna næringssamanheng (f.eks som kvileplass under rideturar).
• Kveene kan brukast ved slepp og sanking av beitedyr.
 

Sjølv i ein nasjonalpark skal spor etter menneskeleg aktivitet takast vare på – Alt frå eldgamle fangstanlegg og ferdselsårer, til restar av annan og gjenne nyare aktivitet.
På Dovrefjell må det vera rett og viktig å bevare noko av det som er igjen av den hundre år gamle militære aktiviteten der. Dette for å fortelja at også den er ein del av historien på Dovrefjell.
Skjønt, det blir mildt sagt merkeleg når både Oppland fylkeskommune, Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet går inn for at ammunisjonslageret «Igloen» frå 1980-90-talet blir bevara, medan ei lita setergrend frå 1870 må fjernast – trass sterke ønskje frå alle ledd i den lokale forvaltninga av denne flotte og innhaldsrike nasjonalparken vår.
 

Ei siste moglegheit for å bevare Vesllie for etterkomarane våre, må vera at Riksantikvaren foretek ei kulturmiljøfredning av setergrenda. Det vil opne for at dei lokale aktørane kan nytte bygningsmassen til dei ønska formåla, og at setrene kan bli liggande som smykke i kulturlandskapet på høgfjellet. Det fortener dei som opparbeidde dette som i dag framstår som viktige kulturminne.

Regjeringa skriv:
«Gjennom konstruktiv dialog med lokalsamfunnet har vi funnet gode løsninger for beitenæringen og reiseliv.»
Det er ikkje faktum når det gjeld setrene i Vesllie.

Kom igjen, Jørn Holme ! Dette ordnar du før du blir sorenskrivar…

Publisert 
Tirsdag, 19 juni, 2018
Les også 

Foto: Steinar Grønn
Stiftelsen UNI tildeler 6,5 mill til aksjonen «Ta et tak 2019/20» - Rekordtildeling til Norsk Kulturarv ! Stiftelsen Norsk Kulturarv (SNK) har siden 1998 avviklet 12 «Ta et tak»-aksjoner, og på den måten fordelt NOK 25,6 millioner til 2 870 prosjekter landet over. Dette er gjort mulig fortrinnsvis gjennom tildelinger fra Stiftelsen UNI. Til neste års aksjon søkte SNK om NOK 6,5 millioner, og i sitt styremøte 18. oktober 2018 besluttet Stiftelsen UNI å innvilge hele det omsøkte beløpet til formålet. Erfaringer fra tidligere aksjoner viser at de har hatt stor betydning for mange bygningers fremtid. Norsk Kulturarvs visjon er vern gjennom bruk. Aktiv bruk er en viktig premiss for en levende og mangfoldig kulturarv.
I høst startet Norsk Smaksskule opp et nytt kurskonsept med mer vekt på involvering og deltakelse kalt "Norsk Smaksskule volum 2": Nå er søknadsskjemaet til nytt kurs ute.
Hanna Geiran (49 år) er i statsråd utnevnt til ny riksantikvar - direktør for Direktoratet for kulturminneforvaltning.
Tidligere i høst lanserte Norsk Smaksskule et nytt kurskonsept, Volum 2, med fokus på involvering og deltakelse. Dette ble så vellykka at det nå er planlagt et nytt kurs i Lom i januar.