Hjem / Om Norsk Kulturarv / Kommunesamarbeid - Dugnadslaget for kulturarven

Kommunesamarbeid - Dugnadslaget for kulturarven

Del
Er din kommune samarbeidspartner med Norsk Kulturarv? Hvis ikke ta kontakt med oss på post@kulturarv.no for mer informasjon.

Norsk Kulturarv er ein ideell, nasjonal stiftelse oppretta i 1993 med 29 innskytarar av eigenkapital innan offentleg og privat sektor i nært samarbeid med Kommunal- og arbeidsdepartementet. Norsk Kulturarv er open for medlemskap frå bedrifter, organisasjonar og enkeltmedlemmer.
Norsk Kulturarvs visjon er vern gjennom bruk, og gjennomfører praktiske tiltak i samarbeid med offentlege styresmakter og næringslivet for å ta vare på den mangfaldige kulturarven vi har i Norge.
 

Norsk Kulturarv har heile landet som arbeidsområde, og initierer kulturvern-tiltak både på lokalt og nasjonalt nivå. Organisasjonen arbeider for vern av kulturarven gjennom berekraftig bruk og er premissleverandør for den offentlege kulturminne-forvaltninga. Norsk Kulturarv arbeider for å synleggjera kulturminneverdiar gjennom næringsutvikling og aktiv bruk. Bruk er på lang sikt det beste vern. Kulturarven er kjelde til livskvalitet gjennom gode opplevingar, samtidig som kulturarven gir grunnlag for næringsdrift. Inntekter som blir skapte, kan i neste omgang bli tilbakeførte til vernearbeidet.

Synleggjering av kulturminner i kommunen

Stiftelsen Norsk Kulturarv gjer mykje for at kulturarven skal bli lønnsam, for å oppfylle mottoet «Vern gjennom bruk». Men det er viktig at enda fleire kommunar og fylkeskommunar tek aktiv del i arbeidet med å bevare kulturarven vår.
Meir enn 100 kommunar er allereie med, og nå håpar vi og at du kan bidra til å få kommunen din med i dette «dugnadslaget» for kulturarven.
Ein samarbeidsavtale omfattar profilering av kommersielle og ikkje-kommersielle kulturminne i kommunane, slik som på nettsida vår www.kulturarv.no, undervisningsopplegg for grunnskulen og fyrstehands informasjon om og prioritert deltaking i Norsk Kulturarvs aksjonar, slik som «Rydd eit kulturminne», «Ta eit tak» og Norsk Smaksskule.
Ryddeaksjonen «Rydd eit kulturminne» har som mål å bevare kulturminne, men samtidig skapar aksjonen mykje aktivitet rundt kulturminnet. I tillegg til at deltakarane lærer om kulturminnevern i praksis, får dei også mange andre viktige verdiar med på vegen.
Fyrste ryddeaksjonen til Norsk Kulturarv vart arrangert i år 2000. Frå før hadde vi god erfaring med aksjonen «ta eit tak». Med «Rydd eit kulturminne» blir barn og unge engasjert til å ta del i lokalt kulturminnevern.
Aksjonen skapar ein unik arena der barn og unge blir kjende med kulturarven sin, samtidig som dei aktivt tek del i bevaring og formidling av kulturarven. Takka vera samarbeidspartnarar – både finansielle og andre – kan denne aksjonen bli arrangert. I fyrste rekkje som bidragsytarar står Sparebankstiftelsen DNB og Riksantikvaren. Tildelte midler blir brukte til stipend og premiering.
Totalt har vi gjennom ryddeaksjonane delt ut ca 5,5 millionar kroner til prosjekt som har engasjert meir enn 20000 barn og unge !
 

I 2012 vart Norsk Kulturarv tildelt Europa Nostra Award og EU-kommisjonens Grand Prix for aksjonen «Rydd et kulturminne», og har i ettertid erfart at dette har gjeve oss oppmerksomheit langt utover landets grenser.
I 2016 lanserte vi aksjonen «Ta eit tak», nok ein gong med Stiftelsen UNI på laget. Dette er den ellevte takaksjonen vår sidan byrjinga i 1998 ! Fleir enn 3 000 prosjekt er gjennomført, meir enn NOK 16 millionar er
fordelt i løpet av aksjonane.
Norsk Smaksskule er ein aksjon retta mot barn i barnehagar og grunnskule, der vi ønskjer å inspirere til interesse for mat- og råvarekunnskap som ein del av identitet og kulturarv. Det er viktig å lære barn til å setja pris på
dei norske råvarene, dei naturlege smakane og den særnorske matkulturen.
Norsk Smaksskule vart etablert etter initiativ frå landets mest kjende kokk, Arne Brimi.

Kommunikasjonsarbeid

1. Magasinet KULTURARVEN
Magasinet​ vårt «KULTURARVEN» kjem ut med fire nummer i året. I tillegg til distribusjonen blant medlemmer og næringsmedlemmer går «KULTURARVEN» til ulike politiske miljø både nasjonalt og regionalt, til kommunar med samarbeidsavtale, og til bibliotek og ulike organisasjonar.

2. Det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa
Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven. Olavsrosa er det leiande varemerket for opplevingstilbod med basis i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling. Olavsroseinnehavarane er fyrtårna i Norsk Kulturarv, og vil i alle samanhengar stå sentralt både i profilering og markedsføring av kulturarvopplevingar for eit breitt publikum. Olavsrosa symboliserer stor respekt for fortida, men også glede, nytte og spennande opplevingar i dag. Innehavarane av Olavsrosa forpliktar seg til å vere gode ambassadørar for ein levande kulturarv og til å formidle historia til gjestene sine.Sjølve symbolet Olavsrosa byggjer på valknuten – eit gammalt symbol for vern, som er kjent både frå Norge og utlandet.

131 bedrifter/ institusjoner er pr. dags dato tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa. Dei utgjer eit breitt spekter av ulike opplevingar. Lista over stader som har Olavsrosa, speglar det store mangfaldet i kulturarven vår. Her finn vi alt frå seglskuter, fyr og fiskevær, spennande overnatting og servering på gamle gardar, setrer, historiske hotell eller rorbuer til industrihistorie, gamle jernbaner, handverkstradisjonar og kulturarrangement. Det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa er avmerka i NAFs Vegbok, har eigen presentasjon på vår nettside, og har nå fått symbolet godkjent som serviceskilt i Statens Vegvesen sin skiltmal.

3. Samarbeid med Norges Automobilforbund - NAF
NAFs Vegbok som kom ut i 2014, inneheld oppdatert informasjon om din kommune. Dette arbeidet vart utført av oss i Norsk Kulturarv, som ledd i eit mangeårig samarbeid med NAF.
NAFs Vegbok er eit av landets største bokprosjekt og har kome ut i ei samanhengande rekkje sidan 1928. Boka blir senda alle NAFs 520 000 medlemmar, men har langt vidare spredning enn det.
Gjennom samarbeidet vårt med NAF, er mange flotte aktørar og attraksjonar vorte omtala i andre publikasjonar som «Utenfor allfarvei» og «Norges beste omveier».
Våren 2017 kjem «Norges beste utsikter – utsikter til innsikt» - Nok eit handfast bevis på Norsk Kulturarvs arbeid med for å auke kunnskapen om kulturminner. Dei tekniske og industrielle kulturminna frå Riksantikvarens liste, samt fylkas tusenårsstader vil vera eksempler på utsikter til innsikt. 

Avtale med kontingentar for samarbeidskommunar

Norsk Kulturarv inngår kommunesamarbeid med det som formål å bevare og utvikle kulturarven.
Dette er basert på eit dugnadslag for aktivt kulturminnevern, basert på felles kompetanse og nettverk, ideologien ”vern gjennom bruk”, samt arbeidet med å fremja ein aktiv kulturminnepolitikk både lokalt og sentralt. Små, ikkje kommersielle kulturminne knytte til historiske hendingar i eldre eller nyare tid, natur og segner, naturdrama, industriminne, ulike monument, kulturstigar e.l. blir etter nærmare avtale profilerte gjennom Norsk Kulturarvs nettportal www.kulturarv.no.

Objekta kan også bli gjort tilgjengelege for publikum i mobile applikasjonar.
Eventuell omsetjing til tysk og engelsk kostar NOK 1 500,- + mva som ein eingongskostnad.
Kommunen mottek inntil 50 eksemplar av Norsk Kulturarvs magasin KULTURARVEN når det vert utgjeve.
Undervisningsopplegget for grunnskulen om vår felles kulturarv, blir gjort tilgjengeleg for samarbeidskommunane våre.
Samarbeidsavtalen kan seiast opp av begge partar. Samarbeidsavtala vil i tilfelle gjelde ut kalenderåret etter det året avtala er oppsagd.
 

KONTINGENTAR
Under 2000 innbyggarar  NOK 4 000,-
2000-4000 innbyggarar   NOK 6 000,-
4000-8000 innbyggarar   NOK 8 000,-
8000-13000 innbyggarar  NOK 10 000,-
13000-20000 innbyggarar  NOK 13 000,-
Over 20000 innbyggarar  NOK 15 000,-

Prisane er utan meirverdiavgift.
 

DESSE KOMMUNANE ER ALLEREIE MED I DUGNADSLAGET FOR KULTURARVEN:

Alta 
Alvdal 
Askim 
Berlevåg 
Bremanger 
Dovre 
Drammen 
EIDFJORD 
Eidsberg 
Flå 
Fosnes 
Frosta 
Fusa 
Fyresdal 
Gausdal 
Granvin herad
Gratangen 
Grong 
Halsa 
Hamar 
Hamarøy 
Hemnes 
Hemsedal 
Hjartdal 
Hol 
Inderøy 
Jondal 
Karasjok 
Kvam herad
Kviteseid 
Lesja 
Levanger 
Lillesand 
Lom 
Luster 
Lærdal 
Løten 
Marnardal 
Moss 
Namsos 
Norddal 
Nord-Fron 
Nordreisa 
Nore og Uvdal 
Nærøy 
Odda 
Oppdal 
Os 
Oslo 
Rennebu 
Rindal 
Ringebu 
Ringsaker 
Rissa 
Røros 
Sandefjord 
Sel 
Seljord 
Setesdal Regionråd
Skjåk 
Snåsa 
Spydeberg 
Stange 
Steinkjer 
Stordal 
Stor-Elvdal 
Suldal 
Surnadal 
Sør-Fron 
Sørum 
Sør-Varanger 
Tinn 
Tolga 
Trøgstad 
Tynset 
Ullensvang herad
Ulvik Herad
Vaksdal 
Valdres
Vefsn 
Verdal  
Vik 
Vinje 
Vågå 
Ål