Hjem / Olavsrosa til Nordigard Blessom

Olavsrosa til Nordigard Blessom

Del
Nordigard Blessom er tildela Olavsrosa av Norsk Kulturarv. Den ydilliske familiegarden i Vågå, som til dagleg er i bruk som gardshotell, går dermed inn i ei eksklusiv gruppe av «kulturarvopplevingar utanom det vanlege». (ALLE FOTO: Helge Eek)

Gardshotellet Nordigard Blessom ligg i solsida over kommunesenteret i Vågå.  Den tradisjonsrike 1700-tals-garden ligg der omkransa av landets mest kjende nasjonalparkar. Nordigard Blessom er i følgje legenden den eldste garden i Vågå, og fortsatt i full drift med sau. Også tidlegare tok ein i mot gjestar på Blessom. Garden var ein ynda stad for kunstnarar som gjesta bygda, der dei måla kjende maleri som i ettertid er vorte viktige delar av landets kunstskattar. Drivar av gardshotellet, Sissel Horntvedt Olsen, vart overraska med Olavsroseplaketten av direktør i Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten under eit arrangement på garden fredag kveld.

Dotter i familien, Ingrid Blessom, set stor pris på at Nordigard Blessom no er innehavar av kvalitetsmerket Olavsrosa. - Å restaurere slektsgarden Nordigard Blessom, øvst i Gudbrandsdalen, var ein draum vi lenge bar på. Etter fleire år med omsorgsfull restaurering kan vi nå ynskje velkomen til historiske tømmerhus frå 17- og 18-hundretalet - slik at alle som ynskjer skal kunne kjenna nærleiken og kjærleiken til den rike kulturhistoria i Nord-Gudbrandsdalen saman med oss.  Å få tildelt Olavsrosa er for oss ei anerkjenning for arbeidet som er gjort; Olavsrosa står for kvalitet og er knytta til formidling og oppleving av kulturhistoria vår. Olavsrosa symboliserer ei grunnleggende respekt for fortidas kultur- og skaparevne, samstundes som ho formidlar kunnskap, glede, nytte og spenning knytt til vår eiga tid - idear vi ynskjer å formidle, seier Blessom til kulturarv.no.- Vi er stolte over å føre den norske kulturarven vidare - ved bevaring og «vern gjennom bruk» - nå som stolte innehavere av Olavsrosa.

 


Det er raust og gildt når dei dekkjer opp
til frukost på Nordigard Blessom.

​Direktør i Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten seier at det under styrehandsaminga var liten tvil om at garden tilfredsstilte kriteria for Olavsrosa. – Opprustinga og utviklinga av Nordigard Blessom til gardshotell passar veldig godt inn i Norsk Kulturarvs visjon om «vern gjennom bruk». Dette er eit godt eksempel på tilrettelegging for kommersiell virksomheit i og rundt kulturminne. Ikkje minst i ljos av Norsk Kulturarvs rapport «Vern gjennom bruk – Hva hindrer næringsvirksomhet med utgangspunkt i kulturminner?», er tilrettelegginga på Nordigard Blessom eit godt døme, kommenterer Lillebråten.

 

OLAVSROSA

Kvalitetsmerket Olavsrosa blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling. Til grunn for tildeling ligg ei vurdering av opplevingstilbodets kulturhistoriske verdi, korleis kulturarven vert ivareteke og formidla til publikum. Sjå fleire Olavsroseobjekt her.

 

 

Publisert 
Fredag, 1 desember, 2017
Les også 

Mandag 20. januar var det smakfest når Norsk Smaksskule med Per Ivar Berget og Arne Brimi i spissen laget mat sammen med barna fra NaKuHel-barnehagen i Drivhuset på NaKuHelsenteret på Sem i Asker med skrei i form med grønsaker sto på menyen. (Foto: Jens Skaaland/Pitch Forlag)
Boka til Einar Risvik og Norsk Smaksskule, Kresne barn er nå ute i alle norske bokhandlere.
Foto:Nils Hjellum
Stiftelsen Norsk Kulturarv (SNK) har siden 1998 avviklet 13 «Ta et tak»-aksjoner, og på den måten fordelt NOK 33,220 000,- til 3 082 prosjekter landet over. Dette er gjort mulig fortrinnsvis gjennom tildelinger fra Stiftelsen UNI. Erfaringer fra tidligere aksjoner viser at de har hatt stor betydning for mange bygningers fremtid. Norsk Kulturarvs visjon er vern gjennom bruk. Aktiv bruk er en viktig premiss for en levende og mangfoldig kulturarv. Riksantikvar Hanna Geiran sier dette om tildelingen: - Aksjonen til Norsk kulturarv har allerede sørget for mange tette tak og dermed hindret alvorlige skader på kulturarven vår. Det er kjempeflott at det er tatt så mange tak, og at det nå er kommet midler til å ta flere!
I januar kommer den nye boka til Einar Risvik og Norsk Smaksskule på Pitch forlag.