Historia
I 2007 fekk Arne Brimi næringsprisen frå Nord-Gudbrandsdal Regionråd. Prisen var ein sjekk på kr 20.000,-. Desse pengane tok Brimi med seg til det lokale oppvekstsenteret – Tessand Oppvekstsenter. 20.000 kroner skulle nyttast til å gjennomføre eit prosjekt kalla 200 smakar på to år.
Formålet var at barna skulle få flest mogleg smaksreferansar. Dei om lag 40 ungane på oppvekstsenteret gjekk gjennom dei 200 smakane – enkle smakar som til dømes ulike typar gulrøt, vatn og tomatar.
Dei tilsette på skulen var imponert over resultata. Ungane vart meir bevisste på eigenskapane til dei ulike råvarane og skilde smakane frå kvarandre. I tillegg beit lærarane seg merkje i korleis språkutviklinga skaut fart. Prosjektet var ein suksess – og ikkje var det dyrt heller. Alt dette fekk dei til innanfor rammene av kr 20.000 på to år – med om lag 40 elevar. I tillegg kjøpte dei ei kjøkkenmaskin.
Etter suksessen ville meisterkokken gjera ein versjon av dette på nasjonal basis. Norsk Kulturarv fann raskt interessa for prosjektet. Dette var starten på det som i dag heiter Norsk Smaksskule. Dei siste åra har Norsk Smaksskule kursa nærare 1500 skule- og barnehageansatte og aktivisert titusenvis av barn og unge.

Frå jord til bord – sansanes spiskammer.
«Frå jord til bord» er eit pedagogisk opplegg der målet er å skape matglede for barn og unge med fokus på råvarer direkte frå jord/tre/busk til bord. Elevane blir kjende med kva for råvare dei kan dyrke i sitt nærområde, samt få forståing for kor maten vår kjem frå.
Vi håpar at dette skal gje dei idear om kva dei kan dyrke i eigne hagar, og introdusere dei for smakar dei kanskje kjenner lite til. Vi skapar nye smakspreferanser med stoltheit for det lokale, og som ein del av vår identitet og kulturarv.
Elevane er med i heile prosessen frå frø til spiselege vekstar. Dei lærer om forkultivering, stell av planter, såing, planting, småskalaproduksjon, og sist men ikkje minst beredskap.
Forsking viser at inntaket av grønsaker aukar viss barn deltek i dyrkingsprosessar (Savoie-Roskos, Wengreen&Durward, 2017), så kva kan vel vera meir formålstenleg enn å lære barna våre å dyrke sin eigen mat.
Vi ønsker å nå ut til fleire skular, som saman med sin lokale markedshage, fruktbonde, bærbonde, kornbonde etc. kan melde seg på prosjektet.
Påmeldingsskjema finn du her og under fana Norsk Smaksskule!

Ungdommens matfat i Innlandet
Prosjektet «Ungdommens matfat i Innlandet» er ein del av Maihaugen si utstilling «Mat- mer enn et måltid» i oktober 2022.
Formålet med prosjektet er å dokumentere, tilberede og presentere matkulturen i Innlandet saman med elevar på 9.steg. Vi tek mål av oss å skapa ei stoltheit av matkulturen gjennom kurs for mat-og helselærarar, matprosjekt ute i skulane, dokumentasjon gjennom bilete og tekst, kokkekamp og avslutningsvis utstillinga «Ungdommens matfat i Innlandet».



