Hjem / Norsk Smaksskule veks i geografi og omfang

Norsk Smaksskule veks i geografi og omfang

Del
Norsk Smaksskule kursa i august nærare 200 lærarar og barnehagelærarar i smak, råvarer og ernæring. Søknadene har meir enn dobla seg kvart år sidan starten.

Arbeidet med Norsk Smaksskule vart starta opp i 2012 etter at Sparebankstiftelsen DNB gjekk inn med kr 1,5 millionar til utvikling av prosjektet. Formålet var å bidra til at barn og unge over heile landet skulle få flest mogleg smaksreferansar i ung alder.

Sidan den gong har Gjensidigestiftelsen gått inn med ein million kroner til prosjektet. I vinter fekk smaksskulen verkeleg vind i segla, da Sparebankstiftelsen DNB gav nye fire millionar kroner til vidareutvikling av prosjektet og sikring av drift fram til sommaren 2017. I vår kom Fiskeridepartementet på bana og gav oss tilsegn om kr 500 000 til haldningsbyggande arbeid for å auke sjømatkonsumet blant barn og unge vaksne.


Kurs med Arne Brimi. Arkivfoto: Vianvang

Norsk Smaksskule ynskjer å gjeva lærarar og barnehagelærarar meir kunnskap og inspirasjon, slik at dei kan lære barn og unge å smake på meir mat, eta meir variert og bli bevisste forbrukarar i framtida. Difor var det i august nærmare 200 lærarar frå 18 av dei 19 fylka i landet på kurs i Haugesund, Vågå, Røros og Oslo. No har dei skule- og barnehagetilsette reist attende til sitt arbeid med barn og unge og kan ause av kunnskapen og inspirasjonen dei har fått på kurs med nokre av Norges fremste på fagfeltet. Frå før er Arne Brimi, Kristoffer Hovland, Ståle Johansen, Frode Selvaag, Mikael Forselius og Einar Risvik kurshaldarar i Norsk Smaksskule. Nytt av året er at også dagleg leier på Gamle Raadhus og Vaaghals, Jørn Lie, og TV-kokk Wenche Andersen heldt kurs saman med Einar Risvik i Oslo.

I samband med tilskotet Norsk Smaksskule har fått frå Nærings- og fiskeridepartementet, vil det bli skarpt fokus på fisk i aksjonen dette året. Skulane og barnehagelærarane har høve til å invitere fagfolka frå smaksskulen på besøk for å gjennomføre øvingar med barna. Det blir også teke sikte på å arrangere foreldrekveldar.

Det er no det verkeleg startar!

 

Publisert 
Fredag, 27 november, 2015
Les også 

Under sitt besøk på Washingborough Academy i England ble Einar Risvik fra Norsk Smaksskule intervjua av BBC Lincolnshire om hva smaksskulen kan lære fra den prisbelønnede skolens pionerarbeid innen smak og kosthold.
Varamedlem i Norsk Kulturarvs styre, Dag Terje Klarp Solvang blir ny Generalsekretær i Den Norske Turistforening. (Foto; Marius Dalseg Sætre/DNT)
Kulturmiljøet «Vesllie» med dei to setrene der må fredast av Riksantikvaren, før utvidinga av nasjonalparken på Dovrefjell på uforståeleg vis øydelgg viktige spor etter forferdane våre. Ei «kulturmiljøfredning» inneber fyrst og fremst at ein nyttar fredning som reiskap for å ta vare på den viktige samanhengen og heilheita i miljøet. Den omfattar berre uteareala og det utvendige av bygningane, ikkje det innvendige.
Innfører nå løpende søknadsfrist på alle sine støtteordninger til bevaring av kulturminner. Foto viser Reidunn og Tore Wigen som har fått støtte til restaurering av naust i Solvorn, Luster i Sogn og Fjordane. Med på bildet er også styreleder i Kulturminnefondet Helen Bjørnøy og direktør Simen Bjørgen.