Hjem / Norsk Smaksskule i Cambridge

Norsk Smaksskule i Cambridge

Del
Norsk Smaksskule har i fleire år vore ein del av det internasjonale forskningsnettverket for smak, mat- og kosthaldsvaner, Sapere. Førre veke var dei representerte på University of Cambridge for SAPERE Symposium 2019.

Norsk Smaksskule er eit såkalla "train the trainers"-program som kursar lærarar og barnehagelærarar i korleis dei skal skape positive atferdsendringar hjå barn og unga. Formålet er å bidra til at norske barn og ungdommar skal få flest mogleg smaksreferansar i ung alder. Sidan 2015 har Norsk Smaksskule, saman med forskningsinstituttet NOFIMA, vore det norske navet i det internasjonale forskningsnettverket, Sapere. I 2016 arrangerte Norsk Smaksskule det årlege symposiet på Bessheim i Vågå. 

24. og 25. oktober deltok Norsk Smaksskule saman med Nofima på symposiumet, som i år vart arrangert på University of Cambridge i Storbritannia. Der deltok det forskarar og kunnskapsbêrarar frå 14 land fordelt på tre kontinent. Einar Risvik og Tor Valdvik var av innleiarane på konferansa. - Vi fekk svært positive attendemeldingar frå dei andre deltakarlanda, og har allereie vorte invitert til nye land for å dele erfaringar frå vårt arbeid, seier prosjektleiar Tor Valdvik. 

Publisert 
Onsdag, 30 oktober, 2019
Les også 

På grunn av situasjonen kring Corona, utset Norsk Kulturarv fristane på Ta eit tak og den nasjonale kulturlandskapsprisen til 1. mai.(Foto: Ola Aaseng)
I vinter har Norsk Kulturarv hatt mange henvendelsar frå medlemmar angåande berekning og utskriving av eigedomsskatt. Vi hadde dette temaet oppe, og kom med uttale frå årsmøtet vårt i 2018.
Kompensasjonsordning til bedrifter: I dag la regjeringen, sammen med VIRKE, LO, NHO og Finans Norge frem en ordning som sikrer kompensasjon for tapte inntekter på grunn av direkte eller indirekte koronastenging. Norsk Kulturarv forventer at våre næringsmedlemmer og Olavsrose-innehavere vil få hjelp og støtte gjennom denne kompensasjonsordningen for bedrifter. (Foto: Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen)
Feir den Store vaffeldagen med vafler fra Ryfylkekokken, Frode Selvaag.