Hjem / Norsk Smaksskule: Fire millionar frå Sparebankstiftelsen DNB

Norsk Smaksskule: Fire millionar frå Sparebankstiftelsen DNB

Del
Tre år etter at Norsk Kulturarv starta arbeidet med Norsk Smaksskule, går Sparebankstiftelsen atter inn med store midlar til prosjektet. Gåva på heile fire millionar vart markert saman med Arne Brimi og barna i barnehagen på NaKuHel-senteret i Asker.

Norsk Smaksskule er ein aksjon i regi av Norsk Kulturarv og Arne Brimi. Smaksskulen vart etablert i 2012, med formål å skape eit nettverk mellom skule- og barnehagelærarar som arbeider med mat. Målet er at barn og unge i skule og barnehage skal få så mange smaksreferansar som mogleg i ung alder. Sia 2012 har ca. 130 lærarar og barnehagelærarar vorte kursa av Arne Brimi og resten av kurshaldarane, og om lag 15 000 barn har vore aktivisert. Drifta i Norsk Smaksskule har vore mogleg etter støtte frå Sparebankstiftelsen DNB, Gjensidigestiftelsen, MatMerk og Landbruks- og matdepartementet. 

Sparebankstiftelsen DNB gir nå 4 millionar kroner til vidareføring av Norsk Smaksskule. I samband med gåvemidlane frå Sparebankstiftelsen DNB hadde smaksskulen ei markering på NaKuHel-senteret i Asker. Her gjennomførte Arne Brimi enkle smaksøvingar og laga tomatgryte saman med barna. Gåvesjef i Sparebankstiftelsen DNB, Sissel Karlsen, delte ut det synlege beviset på gåva til Tor Valdvik frå Norsk Kulturarv. 

– Sparebankstiftelsen DNB har tro på å involvere barna i å bygge fremtiden, og Norsk Smaksskule gjør nettopp det når de satser i barnehagen og barneskolen, sa gåvesjef Karlsen under overrekkinga. – De vil at ungene skal gjøre seg kjent med, sette ord på og kjenne igjen de ulike genuine smakene i maten vår. Karlsen oppsummerte samarbeidet slik: – Norsk Smaksskule gjør rett og slett barna nysgjerrige på å smake noe nytt og ivaretar på denne måten vår mattradisjon og kulturarv på en flott måte. 

Norsk Smaksskule vart starta etter midlar nettopp frå Sparebankstiftelsen DNB i 2012, da Norsk Kulturarv fekk 1,5 millionar til prosjektet. Sia har det vorte skapt smaksglede over heile landet, og i år deltar 100 lærarar, og tusenvis av barn blir engasjerte. – Sparebankstiftelsen DNB har vore ein viktig støttespelar for Norsk Kulturarv i mange år, også i andre prosjekt vi har gjennomført. Utan samarbeidet med Sparebankstiftelsen DNB hadde Norsk Smaksskule aldri vore det den er i dag, seier Tor Valdvik.

Tor Valdvik mottar det synlege beviset på gåva til 4 mill. kroner av gåvesjef Sissel Karlsen
Tor Valdvik mottar det synlege beviset på gåva til 4 mill. kroner av gåvesjef Sissel Karlsen 

Dei friske midlane frå Sparebankstiftelsen DNB betyr at Norsk Smaksskule utvidar aktiviteten sin monaleg. Neste år tar dei sikte på å kurse opp mot 200 lærarar, barnehagelærarar og engasjere opp mot 20 000 barn. Dette betyr også ei utviding av kokkestallen, og stjernekokkane Jørn Lie frå Gamle Raadhus og Vaaghals og Wenche Andersen frå God Morgen Norge blir ein del av Norsk Smaksskule frå komande haust. I tillegg til kurs i Røros, Haugesund og Vågå blir det da eit kurs også i Oslo.

Søknadsskjema til Norsk Smaksskule ligg ute på www.kulturarv.no under fana Norsk Smaksskule.

Publisert 
Mandag, 9 november, 2015
Les også 

Litt hjelp til å endre vaner, eller uvaner er ofte god hjelp, særlig når du ønsker en forandring, men ikke helt får det til å skape endringen for egen maskin. Å endre vaner er vanskelig, svært vanskelig, så vanskelig at det finnes en stor mengde psykologisk litteratur på emnet. Matvaner er ikke noe unntak. Endring av matatferd er komplekst og utfordrende, men nødvendig.
Nordigard Blessom er tildela Olavsrosa av Norsk Kulturarv. Den ydilliske familiegarden i Vågå, som til dagleg er i bruk som gardshotell, går dermed inn i ei eksklusiv gruppe av «kulturarvopplevingar utanom det vanlege». (ALLE FOTO: Helge Eek)
Røst kommune i Nordland blir samarbeidskommune med Norsk Kulturarv.
Meisterkokk, Per Ivar Berget, kjem attende til Norsk Smaksskule for å jobbe med den storstilte kosthaldssatsinga smaksskulen lanserte tidlegare i år.