Frå jord til bord. 

 «Frå jord til bord» er eit pedagogisk opplegg der målet er å skape matglede for barn og unge med fokus på råvarer direkte frå jord/tre/busk til bord. Elevane blir kjende med kva for råvare dei kan dyrke i sitt nærområde, samt få forståing for kor maten vår kjem frå. Vi håpar at dette skal gje dei idear om kva dei kan dyrke i eigne hagar, og introdusere dei for smakar dei kanskje kjenner lite til. Vi skapar nye smakspreferanser med stoltheit for det lokale, og som ein del av vår identitet og kulturarv.

Elevane er med i heile prosessen frå frø til spiselege vekstar. Dei lærer om forkultivering, stell av planter, såing, planting, småskalaproduksjon, og sist men ikkje minst berekraft.

Vi veit at barn som får oppøvd sanseapparatet blir meir merksame på eigne sansar og følelsar, og veit korleis dei skal finne balansen mellom god mat og sunn mat. Dei kan nyte maten i staden for å eta berre fordi dei må. Det latinske ordet sapere betyr «å kunne» «å smake» «å vite» «å kjenne». I Frå jord til bord kan vi glede elevane med at dei blir betre kjend med sitt eiga sanseapparat.

Forsking viser at inntaket av grønsaker aukar viss barn deltek i dyrkingsprosessar (Savoie-Roskos, Wengreen&Durward, 2017), så kva kan vel vera meir formålstenleg enn å lære barna våre å dyrke sin eigen mat.

Vi ønsker å nå ut til fleire skular, som saman med sin lokale markedshage, fruktbonde, bærbonde, kornbonde etc. kan melde seg på prosjektet.

__________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Alt er gratis og tilrettelagt av Norsk Smaksskule.

Vi bidrar med:

  • organisering av opplegget
  • honorar til bonden – 2500 kr pr dag a 2 dagar
  • råvarer.
  • kokk på haustbesøket.
  • evt buss innnan kommunegrensene

Lenke til søknadsskjema: https://kulturarv-my.sharepoint.com/:w:/g/personal/lene_kulturarv_no/EaC_4tmvC2lDjvg2RdfghMwB_lj1MdCAMWqZ6-GpIyWmPg?e=E7R4Cf

Send e-post til lene@kulturarv.no for evt meir informasjon.