Hjem / Norsk Smaksskule

Norsk Smaksskule

Del
I Norsk Smaksskule kurses skule- og barnehagetilsette som treng fagleg påfyll til korleis dei skal jobbe med smak, mat og råvarer med ungane. Før årets aksjon har om lag 50.000 barn og unge vore engasjert i smakens teneste.

 

Vil du vera med å bidra til å skape meir bevisste forbrukarar i framtida? Vil du få fagleg påfyll og inspirasjon som gjer deg enno betre rusta til å spreie kunnskap og skape sunne gode haldningar knytt til mat, råvarer og smak? Våre kurshaldarar er blant dei fremste i landet på smak, råvarer og ernæring.

Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Norsk Kulturarv – og etter idè frå Arne Brimi. Vi tilbyr gratis kurs for skule- og barnehagetilsette som treng fagleg påfyll til korleis dei skal jobbe med smak, mat og råvarer med ungane. I 2016/17 kursa vi over 150 skule- og barnehagelærarar frå heile landet – spredt over 18 fylker.


Dei siste åra har Norsk Smaksskule kursa nærare 300 skule- og barnehageansatte

Historia

​I 2007 fekk Arne Brimi næringsprise frå Nord-Gudbrandsdal Regionråd. Prisen var ein sjekk på kr 20.000,-. Desse pengane tok Brimi med seg til det lokale oppvekstsenteret – Tessand Oppvekstsenter.  20.000 kroner skulle nyttast til å gjennomføre eit prosjekt kalla 200 smakar på to år. Formålet var at barna skulle få flest mogleg smaksreferansar. Dei om lag 40 ungane på oppvekstsenteret gjekk gjennom dei 200 smakane – enkle smakar som til dømes ulike typar gulrøt, vatn og tomatar. Dei tilsette på skulen var imponert over resultata. Ungane vart meir bevisste på eigenskapane til dei ulike råvarane og skilde smakane frå kvarandre. I tillegg beit lærarane seg merkje i korleis språkutviklinga skaut fart. Prosjektet var ein suksess – og ikkje var det dyrt heller. Alt dette fekk dei til innanfor rammene av kr 20.000 på to år – med om lag 40 elevar. I tillegg kjøpte dei ei kjøkkenmaskin. 

Etter suksessen ønskja meisterkokken å gjera ein versjon av dette på nasjonal basis. Norsk Kulturarv fann raskt interessa for prosjektet. Dette var starten på det som i dag heiter Norsk Smaksskule. Dei siste åra har Norsk Smaksskule kursa nærare 300 skule- og barnehageansatte og aktivisert titusenvis av barn og unge.


Spanande med nye smakar

Norsk Smaksskule i praksis

​I praksis fungerar Norsk Smaksskule på den måten at vi gjennomfører todagers oppstartskurs med skule- og barnehagetilsette i august månad kvart år. Desse kursa foregår på ulike plassar rundt omkring i landet. Her får deltakarane fagleg påfyll frå meisterkokkar som Arne Brimi, Mikael Forselius og Wenche Andersen samt ein dag med Einar Risvik, som har doktorgrad i smak og ernæring og har forska på mat og smak i ein mannsalder. Etter deltakarane er komme ut i skular og barnehagar er det også høve til å invitere oss til å ta med oss kokkane inn i skulen eller barnehagen og gjennomføre smaksøvingar saman med ungane. Både oppstartskurs og oppfølgjing i ettertid er gratis. Ved slutten av året er det krav om dokumentasjon og rapport frå deltakarane. Dei beste resultata bli honorert med pengar, heider og ære.