Home / Norsk Kulturarv ønskjer å etablere NASJONALT MatKulturSenter

Norsk Kulturarv ønskjer å etablere NASJONALT MatKulturSenter

Del
Dei siste åra har Norsk Kulturarv – særleg ved utvikling og drift av Norsk Smaksskule – styrka satsinga si på mat- og matkultur. Nå arbeider organisasjonen med ei mogleg etableringa av NASJONALT MatKulturSenter i Nord-Gudbrandsdalen. Foto: Jens Skaalnd/Pitch Forlag)

Pressemelding

For snart ni år sidan starta Norsk Kulturarv arbeidet med å etablere Norsk Smaksskule. Sidan den gong har godt over 1000 skule- og barnehagetilsette vore på kurs, og om lag 100.000 barn og unge er aktiviserte i å utforske smakssansane. I 2019 var Norsk Smaksskule også nominert til Embla Nordisk Matpris.

Norsk Kulturarv ønskjer nå å sjå på moglegheitene for å utvikle eit NASJONALT MatKulturSenter med adresse Nord-Gudbrandsdalen. Målet er å etablere ein fysisk plass i regionen – som skal vera ein møteplass kor vi deler og formidlar erfaring og kunnskap om norsk matkultur, på same tid som vi framleis skal ha aktivitet over heile landet.

Norsk Kulturarv ser store moglegheiter dersom vi skulle lykkast med å etablere NASJONALT MatKulturSenter i Nord-gudbrandsdalen. Her kan ein spela på det unike fjellandbruket i regionen, og på eit gastronomisk orientert reiseliv i toppklassa. Vi trur også ei etablering av eit matkultursenter vil kunna bidra med eigne arbeidsplassar samt styrke eksisterande reiseliv og næringsliv i regionen.

I tillegg ønskjer vi at eit slik senter skal vera eit senter særleg for barn, unge og eldre i eigen region. Forskning på den norske matkulturen og ei høgskuleutdanning i mat og matkultur er andre aktuelle aktivitetar.

Både på nasjonalt og regionalt nivå finns det openbare aktuelle samarbeidspartnarar for arbeidet med NASJONALT MatKulturSenter. Arne Brimi og miljøet rundt han, er sjølsagte ressursar i eit slik arbeid.

12 år etter idèen til ein toårig smaksskule for 44 ungar på Tessand oppvekstsenter vart unnfanga, ønskjer vi no å forsøkje å få til ein permanent plass kor store og små kan koma og lære meir om eigen og andres matkultur.

– Formålet er å etablere eit matkultursenter med lokal forankring, men med eit nasjonalt perspektiv, sier direktør i Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten.Han fortel at arbeidet foregår i samarbeid med sterke kunnskapsbêrarar innan matkultur og at ein også ønskjer å søkje samarbeid med lokalt landbruk og øvreg næringsliv.

- Styret i Norsk Kulturarv har allereie løyva kr 100.000,- til forprosjektet og i tida framover vil organisasjonen arbeide med å utvikle planane om eit nasjonalt matkultursenter midt i matfatet her i Norddalen, seier Lillebråten.

Han fortel vidare om viktigheita av at Norsk Kulturarv, som ein nasjonal organisasjon som skal jobbe med alle delane av kulturarven, også tek matkulturen på alvor.

Publisert 
Torsdag, 11 February, 2021
Les også 

En undersøkelse Norstat har utført for Riksantikvaren viser at kulturminner er vel så viktig som naturopplevelser i Norgesferien.
Sætersuiter, fjellspa og reinsdyrgevir. Den nyslåtte Olavsrose-innehaveren, Hindsæter Fjellhotell går nye veier for å gi turistene sine unike opplevelser. (Alle foto: Hindsæter)
Forsvarsbygg har fått i oppdrag fra Forsvarsdepartementet å overdra Tollbugata 10 til Stiftelsen Den Gamle Krigsskole for 10 kroner. (Foto: Bjoertvedt/Wikipedia)
Isak Qvenild Vikin (11) er Norsk Smaksskules nye kokkekompis og skal være med i et filmprosjekt sammen med Arne Brimi. (Foto: Privat)