Hjem / Leiar: Kulturarv for barn og unge

Leiar: Kulturarv for barn og unge

Del
«Norsk kulturarv skal i alt sitt virke arbeida for å skapa inspirasjon, engasjement og auka kunnskap om kulturarv hjå barn og unge.»


(Foto: Mathias Øvsteng /
Norsk Kulturarv)

Dette er Direktør, Erik Lillebråten sin leiar i julenummeret av Magasinet Kulturarven.

Norsk Kulturarv har følgjande som overordna målsettingar:

  •  Norsk Kulturarv skal ivareta interessene til eigarar og brukarar av freda og verneverdige kulturminne.
  • Norsk Kulturarv skal arbeide for og delta aktivt i forsvarleg næringsutnytting av kulturarven.
  • Norsk Kulturarv skal gjennom økonomisk og fagleg bistand drive aktivt kulturminnevern med heile landet som arbeidsområde.

For å understreke viktigheita av å involvere dei unge i arbeidet med ivaretaking av den felles kulturarven, har Norsk Kulturarvs styre denne hausten vedteke ei fjerde overordna målsetting for arbeidet vårt:

  •  Norsk kulturarv skal i alt sitt virke arbeida for å skapa inspirasjon, engasjement og auka kunnskap om kulturarv hjå barn og unge.

Vi har trua på at dei unge som lærer å kjenne og verdsetja historie og kulturarv, også vil vera betre rusta til å møte både fortida og framtida med respekt. Å ta med seg kulturarven vidare til komande generasjonar, er ei av dei viktigaste oppgåvene våre. Dette blir gjort på den beste måten gjennom involvering – Deltaking, utforsking og bruk. For eksempel gjennom det frivillige kulturvernet og tilhøyrande lag og organisasjonar, men òg via privatpersonar, kommunar, fylkeskommunar, museum og samlingar og andre. Slik får barn og unge delta aktivt i kulturvernarbeid, og på den måten får dei ei større forståing for handverket, historien og kunnskapen.

Mange av Kulturvernforbundets medlemsorganisasjonar har ei rekkje tilbud der barn og ungdom blir involverte og aktiviserte. Det er særleg Sparebankstiftelsen DNB som har vore viktig økonomisk bidragsytar i arbeidet. For eksempel fekk prosjektet «Historiske toll- og skipsanløpslister» ved Norsk lokalhistorisk institutt støtte i 2015 for å lage ei vandreutstilling og eit undervisningsopplegg. I 2017 fekk Landslaget for lokalhistorie 3,26 millionar kroner til det treårige prosjektet «Lokalhistorie i skolesekken» (del av Den kulturelle skulesekken). Gjennom informasjonsarbeid, veiledning og utviklingstilskott skal historielag over heile landet formidle lokal kulturarv til barn og unge. Dette prosjektet blir gjort i samarbeid med Museumsforbundet, Kulturtanken, Riksantikvaren og Kulturvernforbundet.

Forbundet KYSTEN tilbyr «Seilcamp for ungdom», og Norges Husflidslag har si store satsing på barn og unge ved at 126 av lokallaga tilbyr «Ung Husflid». I Norsk Kulturarv har vi aksjonane «Rydd et kulturminne» og Norsk Smaksskule.
Dette berre for å nemne nokre av dei flotte prosjekta i kulturarv-Norge.

Om ikkje det skulle vera nok;
Nå lanserar Norsk Kulturarv i samband med 25-års-jubileet eit undervisningsopplegg for alle landets skular. (Opplegget finn du her) Også her har Sparebankstiftelsen DNB bidrege – Dei tildelte oss 656 250 kroner til arbeidet.
Skal framtidas generasjonar ta vare på kulturarven, må dei bli introduserte for den !

Så enkelt er det !
 

Publisert 
Tirsdag, 4 desember, 2018
Les også 

Europa Nostra annonserer i disse dager sitt program «7 Most Endangered» også kjent som «Europas 7 mest utsatte kulturminner». Programmet ble etablert i 2013 i forbindelse med organisasjonens 50 års markering i Athen, Hellas. Se nærmere vedlagte (engelskspråklige) hefte under relaterte filer.
Wenche og Sigbjørn Westreng kjøper Eidsverket. De ønsker å se Eidsverket i sammenheng med planene om utbygging av hestesportsenteret Big Dream Arena på Sagtomta.
Norsk Kulturarvs årsmøte er i år lagt til Molde, og Nesset Prestegard 3. og 4.juni 2019
25. - 26. april er det et stort "Trehusseminar" i Risør med tema "Næring og utvikling innenfor et verneverdig trehusmiljø". Det kommer folk fra hele Skandinavia for å høre foredrag og se på hvordan kommunen, kultur og næring fungerer sammen for bærekraftig bruk av verneverdige bygninger i Risør.