Hjem / Kurs med milepælar for Norsk Smaksskule

Kurs med milepælar for Norsk Smaksskule

Del
Norsk Smaksskules oppstartskurs for lærarar i haust bydde på fleire milepælar. (Foto: Ingrid Blessom / Norsk Smaksskule)

Starta med Brimi

I 2007 fekk Arne Brimi næringsprisen frå Nord-Gudbrandsdal regionråd. Prisen var ein sjekk på kr 20.000,-. Desse pengane tok Brimi med seg til det lokale oppvekstsenteret, Tessand Oppvekstsenter.  20.000 kroner skulle nyttast til å gjennomføre eit prosjekt kalla "200 smakar på to år". Formålet var at barna skulle få flest mogleg smaksreferansar. Dei om lag 40 ungane på oppvekstsenteret gjekk gjennom dei 200 smakane – enkle smakar som til dømes ulike typar gulrøt, vatn og tomatar. Dei tilsette på skulen var imponert over resultata. Ungane vart meir bevisste på eigenskapane til dei ulike råvarane og skilde smakane frå kvarandre. I tillegg beit lærarane seg merkje i korleis språkutviklinga skaut fart. Prosjektet var ein suksess – og ikkje var det dyrt heller. Alt dette fekk dei til innanfor rammene av kr 20.000 på to år – med om lag 40 elevar. I tillegg kjøpte dei ei kjøkkenmaskin. 

Frå 40 barn på Tessand til 100.000 over heile landet


Fiskeriminister, Harald Tom Nesvik
(Foto: Norsk Smaksskule)

Etter suksessen ønskja meisterkokken å gjera ein versjon av dette på nasjonal basis. Stiftelsen Norsk Kulturarv fann raskt interessa for prosjektet. Dette var starten på det som i dag heiter Norsk Smaksskule. Sidan Norsk Smaksskule hadde sine fyrste kurs hausten 2013 har det vore kurs kvart år. I år var det dermed eit lite "fem-årsjubileum" for kompetansehevingsprogrammet for lærarar og barnehagelærarar. Det vart ei høgtideleg opning av smaksskulen med nyutnemnd fiskeriminister, Harald Tom Nesvik på Gamle Raadhus Restaurant i Oslo. Sidan har kursa gått sine gang og leiar for smaksskulen, Tor Valdvik er svært nøygd med haustens kurs og dei siste fem åra. - Det har vore ei fantastisk reise sidan vi starta opp første kursrekkene for fem år sidan, seier Valdvik. - I år passerar vi 1000 lærarar og barnehagelærarar som har vore på kurs! I tillegg passerar vi dette året 100.000 barn og unge som har vore eksponert for smaksøvingar gjennom Norsk Smaksskules arbeid, avsluttar han og legg til at dei har hatt deltakarar frå alle 19 fylker og fleire hundre kommunar. 

- Ein milepæl!

Intiativtakaren sjølv, Arne Brimi, er særs nøygd med utviklinga Norsk Smaksskule har hatt dei siste åra. Han syner til den formidable utviklinga


Stolt av utviklinga: Meisterkokk, Arne Brimi.
Foto: Ingrid Blessom / Norsk Smaksskule

smaksskulen har hatt sidan oppstarten med 40 ungar på Tessand for ti år sidan. - Dette syner kor mykje ein kan få til med relativt små midlar. Vi håpar enno fleire let seg inspirere av vårt arbeid og at vi saman kan gjeva barn og unge ei ballast dei kan ta med seg resten av livet, seier kokken frå Tessand.

Norsk Smaksskule i praksis

I praksis fungerar Norsk Smaksskule på den måten at ein gjennomfører todagers oppstartskurs med skule- og barnehagetilsette i august og september månad kvart år. Desse kursa foregår på ulike plassar rundt omkring i landet. Her får deltakarane fagleg påfyll frå meisterkokkar som Arne Brimi, Per Ivar Berget og Frode Selvaag samt ein dag med Einar Risvik, som har doktorgrad i smak og ernæring og har forska på mat og


Artig på kurs: Ståle Johansen
og deltakarar i Oslo
Foto: Ingrid Blessom / Norsk Smaksskule

smak i ein mannsalder. Etter deltakarane er komme ut i skular og barnehagar er det også høve til å invitere smaksskulen til å ta med oss kokkane inn i skulen eller barnehagen og gjennomføre smaksøvingar saman med ungane. Både oppstartskurs og oppfølgjing i ettertid er gratis. Ved slutten av året er det krav om dokumentasjon og rapport frå deltakarane. Dei beste resultata bli honorert med pengar, heider og ære. 

Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB, Gjensidigestiftelsen og Nærings- og fiskeridepartementet.

Vil du sjå opptak av praten mellom Fiskeriminister, Nesvik og Norsk Smaksskules Einar Risvik? Klikk her!

Publisert 
Tirsdag, 11 september, 2018
Les også 

Foto: Steinar Grønn
Stiftelsen UNI tildeler 6,5 mill til aksjonen «Ta et tak 2019/20» - Rekordtildeling til Norsk Kulturarv ! Stiftelsen Norsk Kulturarv (SNK) har siden 1998 avviklet 12 «Ta et tak»-aksjoner, og på den måten fordelt NOK 25,6 millioner til 2 870 prosjekter landet over. Dette er gjort mulig fortrinnsvis gjennom tildelinger fra Stiftelsen UNI. Til neste års aksjon søkte SNK om NOK 6,5 millioner, og i sitt styremøte 18. oktober 2018 besluttet Stiftelsen UNI å innvilge hele det omsøkte beløpet til formålet. Erfaringer fra tidligere aksjoner viser at de har hatt stor betydning for mange bygningers fremtid. Norsk Kulturarvs visjon er vern gjennom bruk. Aktiv bruk er en viktig premiss for en levende og mangfoldig kulturarv.
I høst startet Norsk Smaksskule opp et nytt kurskonsept med mer vekt på involvering og deltakelse kalt "Norsk Smaksskule volum 2": Nå er søknadsskjemaet til nytt kurs ute.
Hanna Geiran (49 år) er i statsråd utnevnt til ny riksantikvar - direktør for Direktoratet for kulturminneforvaltning.
Tidligere i høst lanserte Norsk Smaksskule et nytt kurskonsept, Volum 2, med fokus på involvering og deltakelse. Dette ble så vellykka at det nå er planlagt et nytt kurs i Lom i januar.