Utne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerleg har vore i drift i over 300 år. Det heile starta i 1722 som eit gjestgiveri med stove, kjøkken, gang og eit soverom. Utne Hotel har i hundrevis av år bydd på tradisjon og omsorg for sine gjester. Med tanke på alderen, er det ikkje så rart at ein kan høyre knirkande lydar eller fornemme at det er nokon frå tidlegare generasjonar som passar på. Det er som å bu i ei historiebok. Hotellet har gjennom tidene vore drive av sterke kvinner – Mor Utne drev hotellet i heile 70 år.
I Mor Utne si ånd
På Utne Hotel er det damene som alltid har regjert. Historia om Mor Utne er vidt kjend. Viljestyrke Torbjørg Johannesdotter Utne, som ho eigentleg heitte, dreiv hotellet i 70 år med kjærleik og styrke. Det er skrive om henne: «Der ble vi møtt av den trivelige hotellvertinna Torbjørg, ho var så lysløynd og trivelig at alle likte henne og bekjent utover i Europa, frå Hannover til Amerika». Lokalbefolkninga på Utne sette stor pris på Mor Utne, og samla inn pengar til ei sølvkrans til gravferda hennar. Denne heng i dag i restauranten på hotellet.
Ønskjer du å lese meir om historia til Utne Hotel og tidlegare drivarar? På alle hotellromma våre finn du 300 års jubileumsboken som tek deg med på ei historisk reise.


