Hjem / Kulturminne / Træe

Træe

Del

Træe (av trede) - husmannsplass og kårstove frå ca 1780 - var i bruk til like etter 1900. Træe er eit jærhus med møneretning s-a/n-v, som skikken var. Den lafta firkantstova er ca 3,5x3,5m. Kjøkenet har grue og jordgolv, og i grua er det gjennomgang for bileggjaren i stova. Taket har handlaga panner. Høyløa i forlenginga av huset mot sør har grindkonstruksjon. Fjøset er innbygd i bakken, med landkum og plass til to kyr. Træe seiest å vera det mest fotograferte og malte huset på Jæren.

Kart