Hjem / Kulturminne / Skeiemylna

Skeiemylna

Del

Skeiemylna ligg ved den gamle steinbrua frå 1896 over elva Tysso. Under golvet er eit murt kammer med turbinen. Drivverk og konstruksjonar er av grove dimensjonar. Vasskrafta dreiv også maskinar for reinsking og sikting av mjølet, dessutan eit sinnrikt heis-system, frå kjellar til loft. Mylna vart sett opp i Ulvik kring 1890. Men soga til Skeiemylna er mykje eldre. Ho har stått ved Mulelven i Sandviken sidan tidleg på 1600-talet. Etter mange års forfall er huset nyleg restaurert. Toppetasjen er klar til bruk for ulike kulturaktivitetar.

Kart