Hjem / Kulturminne / Severinbrauta

Severinbrauta

Share

I 1995 døydde Nelly Veiberg, den einaste etterkomaren etter folket på husmannsplassen Severinbrauta. Ho etterlet seg ein kulturhistorisk skatt som er eineståande i Norge. Severinbrauta vart driven som sjølvbergingsbruk heilt til slutten av 1980-åra. Kvinnene tok vare på alt, så historia frå etableringa i 1870-åra og fram til i dag er dokumentert gjennom kvardagsutstyr og andre gjenstandar. Til materialet finst det tallause historier. Bygning og interiør, og særleg tekstilane, er kulturhistoriske skattar. Det er som om tida har stått stille.

Kart