Hjem / Kulturminne / Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Del

I Tyssedal finn du eit unikt museum som fortel historia om bygginga av det moderne Noreg. Med vasskraft som hovudressurs voks Odda og Tyssedal frå å vera små jordbrukssamfunn til å bli moderne industristader på byrjinga av 1900-talet: I 1906 budde det om lag 30 menneske i Tyssedal. Odda med sine 600 innbyggarar var eitt av Noregs mest populære turistmål, med 11 turisthotell. Nærast over natta blei desse to stadene forandra til yrande anleggsplassar, dit det strøymde arbeidarar frå heile Skandinavia. Folketalet i Tyssedal auka på kort tid frå 30 til 1000! Industrieventyret dreiar seg ikkje berre om grensesprengjande ingeniørkunst, det er og ei historie om omveltingar, sosialt medvit og klassekamp. Tyssedal Kraftanlegg vart freda i 2000 og er vakkert restaurert. Gjennom arrangement, omvisingar i kraftanlegget og arbeidarbustadar i Odda, faste og skiftande utstillingar og bildespill gjev museet dei besøkande ei forståing av den viktige rolla vasskrafta har spela i utviklinga av dagens samfunn. Området er godt tilrettelagd for turar og opplevingar og har representativ 1900-talsarkitektur. Alle som besøker Hardanger, bør ta seg tid til å oppleve dette høgspente og raudglødande drama frå vår nære fortid!

Kart 

Innehaver av Olavsrosa