Hjem / Kulturminne / Norsk Fjellmuseum

Norsk Fjellmuseum

Del

Norsk Fjellmuseum - Jotunheimen og Reinheimen nasjonalparksenter ligg midt i Lom sentrum, og er ein viktig innfallsport til fjellet og nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjellmuseet drifter Klimapark 2469 på Juvflya, med dagleg guiding i sesong. I 2011 opna vi utstillinga "Ut av isen" som syner arkeologiske funn smelta ut av fonner og is i høgfjellet. Utstillinga er integrert i fjellmuseet si hovudutstilling. Funn er frå jakt og fangst av rein for mellom 1500 og 2000 år sidan. I tillegg har vi ein innhaldsrik museumsbutikk.

Kart