Hjem / Kulturminne / Lislestog

Lislestog

Del

Lislestog er ei samling med 11 tømmerbygningar og gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde her om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekkjetun som har vore vanleg i Setesdal, men er plassert etter som det høvde på tunet i løpet av 60- og 70-talet. I tunet er her elles stoge, lopt, bu, stolpehus, badstoge, kvernhus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle kommune. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.

Kart