Home / Kulturminne / Kulturstien i Herand

Kulturstien i Herand

Del

Kulturstien er ei vandring i eit unikt landskap. På rundturen kan du oppleva geologiske fenomen du knapt finn maken til. Funn viser at her har det gått folk i fleire tusen år, og kulturlandskapet fortel korleis folk i generasjonar har nytta naturen for å overleva. På turen vil du også finna ein unik vegetasjon med edellauvskog og ville orkidear. Fint å kombinera med ein tur på Herand kulturhistoriske senter der dei presenterer noko av det du finn langs stien - som styvingstre og Sævarehellaren.

Kart