Hjem / Kulturminne / Jutulporten - Jutul'n og Blessomen

Jutulporten - Jutul'n og Blessomen

Del

Segna om Jutul'n og Blessomen knyter seg til fjellformasjonen Jutulporten. Bak denne "porten" budde det lokale trollet Jutul’n saman med kjerringa si. I følgje segna har ingen sett Jutul’n sia Jehans Blessom frå Vågå fekk skyss med han heimatt frå København. Ferda gjekk både på land og i lufta, og Jehans fekk klar melding om ikkje å snu seg om han høyrde noko uvanleg da dei var komne fram. Sjølvsagt snudde han seg likevel da han høyrde eit brak, og fekk sjå den opne porten der det skein av gull. Etter den dagen var Blessomen skakk i nakken...

Kart