Hjem / Kulturminne / Gravrøysene i Botnane

Gravrøysene i Botnane

Del

På gardane Sørbotten, Øvrebotten og Nordbotten i Botnane ligg åtte gravrøyser, fleire lett synlege frå både vegen og skipsleia. Gravene er sannsynlegvis frå eldre bronsealder - kring 1800 - 1000 f. Kr. Desse kystrøysene er mellom dei fremste kulturminna frå bronsealderen som er bevart i Noreg, i god stand etter meir enn tre tusen år. Den største har eit tverrmål på 36 meter, den minste er på 14 meter. Når så mykje arbeidskraft kunne brukast på å bygge gravmæle over få utvalde personar, tyder det på at samfunnet var stramt hierarkisk ordna.

Kart