Hjem / Kulturminne / Flomstein - "Storofsen"

Flomstein - "Storofsen"

Del

Flomsteinen viser kor høgt Ottaelva har gått i ymse flomperiodar. Det høgste flommålet var 20.-24. juli 1789, da "Storofsen" feia over Ottadalen og Gudbrandsdalen, etter langvarig regn og høge temperaturar. Denne skadeflommen er den verste ein veit om i dette området. Vatn og jordras sopte hus og gardar på elva, og landskapet vart mykje endra. Mjøsa vart fylt opp av hus, tre og annan vegetasjon, og vatnet var som graut. 68 menneske og 900 dyr miste livet under Storofsen, og 1082 hus vart raserte, i tillegg til omfattande naturøydeleggingar.

Kart