Hjem / Kulturminne / Evjemoen Forsvarsmuseum

Evjemoen Forsvarsmuseum

Del

Evjemoen Forsvarsmuseum er det einaste hærmuseet mellom Bergen og Oslo, og har både lokalhistorisk innfallsvinkel med utvikling av Evjemoen, samt generell innfallsvinkel med forsvaret i utvikling og endring gjennom 100 år, i både fredstid og krigstid. Her er originale uniformer frå dei ulike epokane, utstyr og våpen samt ei svært rik biletsamling. Museet har òg ei flott utstilling om stortingsmann og statsminister Jørgen Løvlands liv og arbeid. Museet er ikkje minst spanande for alle dei som har arbeidd eller tenestegjort på Evjemoen.

Kart