Hjem / Kulturminne / Dalen Hotel

Dalen Hotel

Del

Dalen Hotel feira i 2009 sitt 115-årsjubileum. Det opna i 1894 som "luksushotell" for dei rike og prominente reisande via Telemarkskanalen til Kristiania og Bergen. Hotellet er eit eventyrslott i nasjonalromantisk stil, med drakehovud, tårn og spir, og fantasifulle og staselege interiørdetaljar. Dalen var eitt av dei største turisthotell i si tid, og er i dag restaurera og modernisera, utan å øydelegge den spesielle arkitekturen og atmosfæren. Dette førde til at hotellet i 2000 vart tildela Europa Nostras høgaste pris, sylvmedalje, for bevaring av unikt kulturminne for "the comprehensive rehabilitation of this historically important, but almost derelict wooden hotel, avoiding the addition of disturbing new elements to the original unique design". Frå stordomstid til nedgangstid, frå luksus for dei få i turismens barndom til rekreasjonshotell for tyske offiserar i siste krig. Frå spøkelseshus som stod og rotna ned, til hallelujahotel med Åge Samuelsen som eigar. I dag "herskapeleg" hotell, i privat eige, med atmosfære av luksus, tid og ro i historisk miljø. Telemarkskanalen med Victoria og Henrik Ibsen bringar mange gjester til Dalen. Hotellet kan ta imot arrangement, møte og kurs. Velkomen til hotell- og matoppleving på Dalen, som individuelt reisande eller med båt eller buss.

Kart 

Innehaver av Olavsrosa