Hjem / Kulturminne / Bygdaborga på Thokampen

Bygdaborga på Thokampen

Del

Der Ottadalen munnar ut i Gudbrandsdalen, kneisar Thokampen til værs på sørsida. Thokampen var truleg brukt som bygdaborg i jernalderen. Funn av fleire murar sannsynleggjer dette. Marcello Haugen, som var kjend som "klarsynt", bygde hytta "Sameti" på Thokampen i 1912. Hytta er restaurert og open for alle. Nøkkelen heng ved døra. Frå Thokampen er det stutt veg til Pillarguritoppen, der Pillarguri bles i lur da kaptein Sinclair og ein skotsk leigehær, på veg til Kalmarkrigen, vart stoppa av norske bønder ved Kringen 26. august 1612..

Kart