Hjem / Kulturminne / Bordvassvegen

Bordvassvegen

Del

Bordvassvegen er ei kulturvandring langs ein vassveg. Ottadalen er svært nedbørsfattig. Det er berre takka vera eit gamalt og innvikla vatningssystem at det har vore råd å drive jordbruk frå gamalt av i området. Ved å grave vassvegar - kanalar frå fjellet - frå brekanten eller frå ei tepping (kunstig dam der smeltevatnet vart lagra) greidde ein å skaffe vatn til turr åker og mark i dalbotnen. Bordvassvegen er ein av mange slike vassvegar i Lom.

Kart