Hjem / Kulturminne / Bjerkem

Bjerkem

Del

Kulturgarden Bjerkem ligg fritt til på ein morenerygg i Henning i Steinkjer kommune, og driv økologisk korn- og mjølkeproduksjon. Garden har vore i same slekta i ca 400 år, og har vore i drift i mellom 1000 og 2000 år. På garden finst gravhaugar som det er gjort funn i. På garden er også firmaet Nord-Trøndelag Folkedraktsaum på Bunadburet og firmaet Bjerkem Natur og Kultur på Gammel-låvin. Vi tilbyr opplevingar med og/eller kurs i danse-, musikk-, kles-, mat- og leiketradisjonar. Vi tilbyr også lagbyggande aktivitetar og eigenutvikling innanfor kommunikasjon (mellom anna forteljarkurs og kurs i presentasjonsteknikk) og ledelse. Vi har også tilbod om kreativitets- og ideseminar i tillegg til coaching. Vi har eigne matrettar og ølsortar utvikla på garden. Vi har 12 overnattingsplassar. Vi skreddarsyr opplevingar for både privatpersonar, organisasjonar og firma. Næraste nabo til garden er Solheim rideleir, og vi har også godt samarbeid med Sporbryter Sledehundkennel for hundekjøring. Ved å kjenne fortida og notida di godt er du betre rusta til å møte framtida. Ta ein tur til Bjerkem for å planlegge framtida for deg eller organisasjonen din!

Kart 

Innehaver av Olavsrosa