Hjem / Klare for storinnrykk

Klare for storinnrykk

Del
Norsk Smaksskule 2018/19 nærmar seg med stormsteg, og skal vi tru kokken på Vianvang kan dei 200 skule- og barnehagetilsette sjå fram til inspirerande dagar. Foto: Ingrid Blessom / Norsk Kulturarv)

I år er det 5 år sidan Norsk Smaksskule hadde sitt fyrste kurs for skule- og barnehagetilsette. I løpet av hausten passerar kompetansehevingsprogrammet 1000 deltakarar. Interessa har i år, som tidlegare år, vore formidabel. Dette har gjort at det er opp mot 100 på venteliste til årets kurs. Kursa går føre seg i Lom, Haugesund, Trondheim og Oslo kor det er to kurs. 

Kurshaldarane til hausten er Einar Risvik, Arne Brimi, Ståle Johansen, Frode Selvaag, og Jørn Lie. Vi spurte initiativtakar til Norsk Smaksskule, Arne Brimi kva deltakarane på haustens kurs kan vente seg.

- Dei som kjem til kurs hjå meg og dei andre kurshaldarane i smaksskulen kan gle seg på kurs kor matglede, trivsel og inspirasjon skal stå i sentrum, seier kokken frå Lom. - Smak og mat skal vera 'løyle' - og det skal vera eit høgdepunkt i kvardagen. I sommar har eg møtt mykje folk, og eg blir imponert over kor stor kunnskap mange nordmenn har om mat. Samstundes er det også skremmande å sjå kor lite mange andre veit om mat. Det har utvikla seg eit stort skilje mellom folk som har kunnskap og kompetanse om mat, råvarer og smak og kva maten gjer med kroppen vår og dei som ikkje har det, seier Arne Brimi. - Norsk Smaksskule ønskjer å vera med å bidra til den oppveksande generasjonen i Norge kan ta gode, kvalifiserte valg. Eg trur ikkje ein kan undervurdere kor viktig gode matvaner er for trivsel og livskvalitet. Vi i Norsk Smaksskule er redde for at trenden med barnemenyar og fast food til ungar skal utvikle seg - og vi ønskjer å bidra til det motsette.

Kursa til hausten fell på følgjande datoar:

Oslo: 20.-21. august

Haugesund: 23.-24. august

Lom: 27.-28. august

Oslo: 30.-31. august

Trondheim: 6.-7. september

Alle kursa er fullteikna, men det er nokre ledige plassar på vårt nye konsept, Norsk Smaksskule Vol2. Klikk her for meir info.

Publisert 
Torsdag, 26 juli, 2018
Les også 

Med Ivar Odnes sin bortgang, har vi i Stiftelsen Norsk Kulturarv mista ein av våre ivrigaste og viktigaste støttespelarar dei siste 10 åra. Ivar vart innvalgt som styrerepresentant for Norsk Kulturarv den 28. oktober 2009. Da hoppa han rett inn i stolen som nestleiar, og har òg vore leiar for styret. Han var valgt som representant for ein av stiftarane våre – Oppland Fylkeskommune.
For Kulturminnefondet er det viktig å ta vare på det store mangfoldet av kulturminner og kulturmiljøer som finnes. Også de «ulønnsomme» kulturminnene er vel verdt å ta vare på. (Foto: Einar Engen / Kulturminnefondet)
Norsk Smaksskule sitt nye konsept, Volum 2, vart arrangert 2. og 3 oktober. Kurset var fullteikna, og no ser smaksskulen på moglegheitene for fleire slike ekstrakurs. (Alle foto: Tor Valdvik / Norsk Kulturarv)
Mens folk flest hadde late dager, skar Gunnar Aasen og Svenn Kristian Barstad så flisene føk og svetten rant. Dessuten hadde gutta fra Levanger reist langt for å dyrke sin kjære hobby.