Hjem / Kjempeløft for Norsk Smaksskule i nasjonal storsatsing

Kjempeløft for Norsk Smaksskule i nasjonal storsatsing

Del
Jubelen i taket når Gjensidigestiftelsen gjev kr 2,8 millionar til Norsk Smaksskule si forsterka forhaldssatsing.

I vår lanserte Gjensidigestiftelsen si nye storsatsing på kosthald og ernæring blant barn og unge. No har Gjensidigestiftelsen løyva 2,8 millionar til Norsk Smakssule si forsterka kosthaldssatsing fram mot 2020. – Dette gjev oss styrke til å vekse også framover og skape enno meir matglede og atferdsendring også i åra framover, seier leiar for Norsk Smaksskule, Tor Valdvik. Gåvemidlane gjer det mogleg for smaksskulen å tilsetja ein kokk og Valdvik fortel at målet er å få han på plass før utgangen av året.

Norsk Smaksskule feirar i år fem år. Sidan starten har smaksskulen kursa skule- og barnehagetilsette i korleis ein skal arbeide med barn og unge for å skape positive, varige atferdsendringar knytt til kosthald og ernæring gjennom arbeid med smak. Opplegget er landsomfattande og Norsk Smaksskule har ved fleire høve fått merksemd også internasjonalt. I 2015 var Norsk Smaksskule invitert til Universitetet i Aalborg til å fortelja om sine erfaringar og tidlegare i haust var dei av innleiarane til Sapere Symposium 2017 i Lyon, Frankrike.

 


SATSAR PÅ KOSTHALD: Ingrid Tollånes
(FOTO: Gjensidigestiftelsen)

- Gjensidigestiftelsen arbeidar for å skape eit tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn. Difor ønskjer vi å styrkje kompetansearbeidet som gjerast ovanfor barn og tilsette i barnehagar, skole og SFO med tanke på måltidsglede. Vi trur det er viktig å styrkje barns kunnskap kring dette temaet, sidan vi ser at det er viktig å starte tidleg når det kjem til kunnskap om mat og ernæring, fortel Ingrid Tollånes, leiar for samfunn og gåve i Gjensidigestiftelsen. 

 

Fakta om Norsk Smaksskule:

Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi Stiftelsen Norsk Kulturarv i samarbeid med Arne Brimi, Einar Risvik frå NOFIMA og fleire av Norges beste kokkar. Målet til smaksskulen er at barn og unge skal få flest mogleg smaksreferansar i ung alder og på denne måten skape positive atferdsendringar knytt til kosthald hjå den oppveksande generasjon. Norsk Smaksskule har tidlegare vore støtta av Sparebankstiftelsen DNB som har gjeve fleirfaldige millionar til prosjektet. Gjensidigestiftelsen har også tidlegare støtta smaksskulens arbeid.

 

Fakta om Gjensidigestiftelsen:

Gjensidigestiftelsen er Norges største stiftelse, og er ein viktig bidragsyter til samfunnsnyttige formål. Hovudformålet til stiftelsen er å støtte tiltak innan tryggleik og helse. Les meir her.

 

Publisert 
Fredag, 27 oktober, 2017
Les også 

Tatere. Romanifolk. Reisende. På Glomdalsmuseet viser de fram historien til denne folkegruppen i Norge, slik de levde før i tiden, da de reiste omkring med hest og vogn, sykkel, båt, bil og campingvogn. Når vi går inn i den store utstillingshallen kommer vi først til hjertet i utstillingen. Det som best viser det karakteristiske med taternes liv før i tiden. Reisen. På leirplassen er det slått opp et pyramidetelt, og utenfor teltet står primusen med en kaffekjel . Det er dekket opp for en hyggelig stund med en kaffetår, med kopper og asjetter på en duk. Bordet er en liten koffert. Bak teltet henger noen klær til tørk på en snor mellom to bjørketrær. Ved siden av teltet står reisekista, elle kaffekista som den også ble kalt. Den brukte de til å ta med seg tørrmat, kaffe, kaffekvern og sukker. En skinnskreppe ligger inntil teltduken, og den brukte de til å frakte sengetøyet. Fra sted til sted Slik reiste taterne fra sted til sted, spesielt om sommeren. Først med hest og vogn. De brukte også sykkel med vogn. Senere bil og campingvogn. Taterne langs kysten brukte båt.
Kulturarven nummer 84 er på veg ut i postkassen til våre medlemmer. Her er det mykje fint lesestoff
Følg oss gjerne i sosiale media. Vi ønsker også gjerne tips til interessante saker for våre medlemmer.
- Å vera målar er å jobbe med fargar, det som fargelegg og gjev ljos i livet til folk heile året. Yrket er så variert, du må kunne mykje forskjellig fordi det er ulike teknikkar du brukar kvar dag: sparkle, pusse, blande pigment, koke limfargar, marmorere, lakkere, male på mur, på tapet, vindauge, ute og inne, - ja dette er berre eksempel, seier lærling i mælarfaget, Lizzy Muzungu. (Foto: Bygg og bevar)