Hjem / Gullnål til Nordstoga

Gullnål til Nordstoga

Del
Ellen Nordstoga vart på styremøtet i Fausko førre veke tildela gullnåla frå Stiftelsen Norsk Kulturarv.

Ellen Bojer Nordstoga er tildelt Norsk Kulturarvs gullnål. Nordstoga var styremedlem i stiftinga i meir enn ti år og er med det det styremedlemmet som har sitti lengst gjennom organisasjonen si 23 år lange historie. Styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl overrakte gullnåla på vegne av Norsk Kulturarv under styremøtet i Hemsedal førre veke. Grøndahl framhevar Nordstoga sitt breie kunnskaps- og interesseområde for alle delar av den materielle om immaterielle kulturarven. - Nordstoga er oppteken av mat, handverk og bygningsarv, har stor og breid kompetanse og ikkje minst eit omfattande nettverk, seier styreleiaren.

 

Nordstoga har i tillegg til styremedlem også vore aktiv som næringsmedlem og olavsroseinnehavar, som tidlegare eigar og drivar av Mjonøy i Vinje. Gjennom tida i Norsk Kulturarv har Nordstoga vore med å laga premissane for kvalitetsmerket Olavsrosa, som er Norsk Kulturarv si sertifiseringsordning for kulturarvopplevingar i Norge. Nordstoga sjølv vart svært overraska og glad for å bli tildela gullnåla frå Norsk Kulturarv. Nordstoga var nemleg i utgangspunktet invitert til styremøtet for å bli takka av i samband med at ho gjekk av som styremedlem under årsmøtet i Bodø i juni. Lite visste ho om at ho også ville bli tildela den ekslusive gullnåla.- Eg vart veldig glad og veldig overraska. Eg er veldig stolt over å få gullnåla som eg har sett på som ein svært høg utmerkelse for kulturarven. Det har vore spennande, inspirerande og lærerikt å vera ein del av Norsk Kulturarv i så mange år, sier Ellen Nordstoga.

 

Tidlegare er gullnåla tildelt: Christian Sulheim, Martin Vik, Inger-Lise Gjørv, Rune Øygard, Jens Peter Ringstad, Magnar Lussand, Inger-Lise Skarstein og Birger Brandtzæg.

Publisert 
Onsdag, 28 september, 2016
Les også 

- Norsk Smaksskule fyller i en viktig rolle for norske barn og unge, sa Lars Petter Bartnes under åpningen av Norsk Smaksskule på Sentralen i Oslo mandag 19. august.
21. – 25. august 2019 arrangeres Handverksdagene på Rørosmuseet for tjuende gang – et samlingspunkt for alle med interesse for antikvarisk handverk. Tilbakeblikk på disse tjue årene gir også et bilde på utviklingen i norsk bygningsvern: Fra en tid hvor bygningsvern handlet om kampen mot modernisering, der bevaringsverdige enkeltbygg ble reddet gjennom fredningsvedtak eller ved å flytte dem til friluftsmuseene, til i dag hvor det svært mye av bygningsvernet skjer gjennom at huseierne selv ønsker å ivareta sine hus etter antikvariske prinsipper. (Foto: Rørosmuseet)
– Det aller viktigste er at folk som besøker butikken skal få en god opplevelse og få kjenne på atmosfæren i ei ekte krambu, sier Kristin Olsen.
Handverksskolen på Hjerleid, er en videregående skole i tradisjonshåndverksfag Skolen kan ta inn voksne elever fra hele landet i tillegg til ungdom. (Foto: Hjerleid)