Fullteikna kurs på Norsk Smaksskule volum 2

Einar Risvik under Norsk Smaksskule Volum 2.
Norsk Smaksskule har i år kurs for skule- og barnehagetilsette for femte år på rad. I løpet av dei siste fem åra har ein kursa over tusen lærarar og barnehagelærarar i positiv atferdsendring hjå barn og
unge knytt til mat. Nytt av året er Norsk Smaksskule Volum 2 - eit kurs med ei noko meir praktisk tilnærming enn dei andre oppstartskursa. Eit fullteikna kurs med 20 deltakarar over to dagar var eit nytt
under Norsk Smaksskule Volum 2.
format for både deltakarar og kurshaldarar i Norsk Smaksskule. Leiar for Norsk Smaksskule, Tor Valdvik, seier imidlertid at det gav meirsmak: - Norsk Smaksskule volum 2 er eit kurs som rettast mot dei tilsette i skule og barnehage som ønskjer eit meir praktisk retta kurs enn våre tradisjonelle oppstartskurs for lærarar. I så måte har dette vore noko vi har ønskja å tilby i fleire år, seier Valdvik. Han understreker samstundes at dei så vidt har har sendt ut tilbakemeldingsskjema i etterkant av kursene, men at tilbakemeldingene så langt har vore svært gode. Målet er å få til eit nytt Volum 2- kurs på nyåret.