Hjem / Fjærland og Astruptunet

Fjærland og Astruptunet

Del
Fjærland i Sogn og Fjordane er omgitt av høge fjell og ligg inst i Fjærlandsfjorden, ein av dei mange fjordarmane til Sognefjorden.

Kjøretid ca 42 min 40,4 km

Bygda ligg ved foten av Jostedalsbreen,  den største breen på det europeiske kontinentet. I Fjærland kan du besøkje Norsk Bremuseum, Den Norske Bokbyen, og det særprega Hotel Mundal frå 1891. Fjærland var lenge isolert frå omverda, og einaste mogelegheit å kome seg til bygda var med båt. Riksveg 5 mot Skei vart opna i 1986, og i 1994 så vart det bygd tunnel sørover til Sogndal. Fjærland er no ein avstikkar berre 7 minutt frå Riksveg 5 mellom Sogndal og Skei.

Avstikkar til Astruptunet

Om lag 40 minutt nordover på riksveg 5 dukkar avstikkaren til Astruptunet opp – eit museum og eit tidlegare gardsbruk, Sandalstrand, på sørsida av Jølstravatnet i Jølster. Dette var kunstnarheimen til målaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880–1928), som bygde ut gardstunet og budde her i åra 1914–1928, dei siste åra han levde.

Det opphavlege huset, Gamlestova, har ei historie tilbake til 1700-talet, og vart kjøpt av Nikolai og Engel Astrup i 1912. Dei flytta hit i 1914, og dette vart paret sin heim som dei bygde opp, utvikla og gjorde til sin eigen stad. Nikolai Astrup var fødd i Bremanger, men hadde vakse opp i prestegarden i Jølster. Nikolai og Engel Astrup  bygde ut tunet med større og fleire hus – nokre av dei var gamle bygningar som vart kjøpt og sett oppatt her.

Museum

Huset og tunet er avbilda i fleire av Astrup sine maleri, ofte med hagen, der Astrup mellom anna dyrka eple og rabarbra. Gardsbruket er halde ved like slik det var då Astrup levde. Huset er tilgjengeleg som museum,  med vekt på Astrup sitt liv og kunst, og gamal byggjeskikk.

Faste utstillingar

Galleriet inneheld faste utstillingar av Astrup-kunst som måleri, grafikk, tresnittplater og skisser. Dei aller fleste motiva hans er henta frå Jølster, og Nikolai Astrup er i ettertid blitt ståande som ein av dei mest norske av dei nasjonale kunstnarane våre. I dag er Astruptunet ope for publikum heile sommaren, med museum, omvising, kafé og butikk. Astruptunet er ein avstikkar frå Riksveg 5 på Kjøsnes/Skei, og ligg om lag 15 minutt Frå Skei på smal veg mot sørsida av Jølstravatnet. Det går an å køyre vidare til Førde, og kome inn att på hovudvegen E39 på Vassenden. 

Reiserute