Hjem / Den nasjonale kulturlandskapsprisen til Fruktbygda SA

Den nasjonale kulturlandskapsprisen til Fruktbygda SA

Utsnitt av seinhaustleg kulturlandskap i fruktbygda Sauherad
Del
Fruktdyrkinga og driftsforma bidrar til eit opent og ryddig kulturlandskap. Opplevingar og attraksjonar i området er med på å synleggjera landskapet og gje publikum i oppleving for fleire sansar i ein kulturhistorisk samanheng.

SAUHERAD: Dette er sentrale punkt i grunngjevinga for tildelinga av den nasjonale kulturlandskapsprisen til Fruktbygda SA. Dei 13 deltakarane i samarbeidet formidlar eit mangfald av tilleggsdimensjonar i kulturlandskapet til sine gjester – som overnatting, foredling av lokal mat og drikke, vinsmaking, sjølvplukk, hagevandring, galleri, bikubekikking, stignett og båtturar. Læringseffekten er også vektlagt som kriterium for kulturlandskapsprisen: For eksempel har Evju bygdetun eigne pedagogiske opplegg for skuleklasser.

Kulturarven er godt forankra gjennom kunst, tradisjon og samspel mellom bygningar og landskap. Ordførar Hans Sundsvalen la i si velkomsttale vekt på at kulturlandskapet ikkje gjev seg sjølv: – Folk må vera villige til å drive! Han peikte på at den første kjende eplehagen i Sauherad vart planta alt i 1738.

Norsk Kulturarv er initiativtakar bak kulturlandskapsprisen, og styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl poengterte det gode samarbeidet organisasjonen har etablert med departementet gjennom dei ni nasjonale kulturlandskapsprisane som er delt ut hittil. Fylkesmann Kari Nordheim-Larsen helste frå Telemark fylke, og kunne slå fast at dette er den andre kulturlandskapsprisen som går til Telemark. Den første prisen (2007) gjekk til Hjartdal kommune og ordførar Olav Tho.

En smak av Fruktbygda

Prisutdelinga skjedde midt i fruktbygda – på Lerkekåsa Vingård & Galleri – der vertskapet Wenche Hvattum og Joar Sættem i samarbeid med Aarnes kafeteria og Fruktgarden Nyhus serverte raus og velsmakande telemarktapas med bl.a. skinke av eplegris, elgkarbonade og framifrå eplemost til rundt femti inviterte gjester. Lerkekåsa har smålåtne 15 dekar dyrka mark. Tidlegare dyrka dei eple, grønsaker og korn. Serveringslokalet, galleriet og vinkjellaren har tidlegare husa både høner og griser. Våren 2008 planta eigarane 400 vinstokkar, og året etter sette dei 1300 nye planter i jorda. Frosten har tatt ein del, men vertskapet står på og plantar nytt – gjerne med utprøving av nye sortar. Dei fleste vindistrikta ligg i sørlege landskap, medan dette er dominert av friske, uforvitra mineral frå smeltevatnet etter istidene. – Vi tør påstå at vi er den nordlegaste vingarden i verda, seier Joar Sættem. Han har tru på at framtidsklimaet vil gje eit godt grunnlag for nordisk vin, og legg vekt på at dette vil vera positivt for stuttreiste og berekraftige ferieopplevingar.

– Hardt arbeid og god skjøtsel gjennom generasjonar ligg bak det flotte kulturlandskapet i fruktbygda Sauherad, sa landbruks- og matminister Sylvi Listhaug da ho overrekte prisen til Fruktbygda SA ved styreleiar Wenche Hvattum. Statsråden slo fast at vinnaren skåra gode poeng i alle kriteria som ligg til grunn for prisen, og var særleg nøgd med at prisvinnaren gjennom samarbeid skaffar gode inntekter til bygda gjennom nye produktkombinasjonar. Prisen er etablert i samarbeid mellom Norsk Kulturarv, Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet, i form av 50 000 kroner og eit grafisk blad av Hans Normann Dahl.

Frå v. Wenche Hvattum, Kirsti Kolle Grøndahl, Kari Nordheim-Larsen, Sylvi Listhaug og Hans Sundsvalen
Frå v. Wenche Hvattum, Kirsti Kolle Grøndahl, Kari Nordheim-Larsen, Sylvi Listhaug og Hans Sundsvalen

Listhaug peikte på at landbruk over heile landet er ein viktig premiss for eit levande kulturlandskap, og gjorde greie for at det er utarbeidd åtte kriterium for kulturlandskapsprisen. I år var det heile 16 kandidatar, for det meste etter forslag frå fylkesmennene. I Sauherad finst heile 80 eplesortar, og kvart fjerde eple i Norge kjem nettopp frå denne fruktbygda. Listhaug viste til det landbruksdirektør Helge Nymoen i Telemark sa i si opningstale: – Sauherad har over ein halv million frukttre, og har planar om bortimot 200 000 til i løpet av stutt tid. Målet vårt er at fruktblomsterbilda i Dagsrevyen i 2016 skal vera frå Sauherad! Statsråden slo fast at området med dette ville få fleire frukttre enn det er innbyggjarar i Oslo, og at samarbeidet mellom dei 13 deltakarane i samvirkeforetaket Fruktbygda SA er eit glimrande eksempel på at stell av kulturlandskapet går hand i hand med formidling og oppleving, der alle sansar er med. Fruktbygda leverer 3 000 tonn eple og 1 000 tonn plommer, i tillegg til bl.a. kirsebær og morellar. Enkelte gardar har tatt vare på historiske sortar, men er også opne for å prøve nye slag. I så måte er Rubenstep ei nyvinning, som eignar seg til vinterlagring. Norsjø og telemarksvassdraget utgjer eit varmebasseng, som saman med marin leire og morene gjer Sauherad til ein framifrå dyrkingslokalitet for frukt og bær i slake lier under mildt skjermande åsar på alle kantar. 

Kriterium for den nasjonale kulturlandskapsprisen:

Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
Det skal bidra til heilheit og mangfald i og for kulturlandskapet
Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
Det skal vera knytta til berekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet

Prisen er tidlegare tildelt:

2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
2009 – Nordheradprosjektet i Vågå kommune, Oppland
2010 – Vegaøyans Venner
2011 – Maridalens Venner
2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker
2013 – Hauan Gard, Re kommune
2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal

Prosjektleiar Marit Svalastog i Fruktbygda SA viser frem produktene deres
Prosjektleiar Marit Svalastog i Fruktbygda SA har mykje å by på

Juryleiar Sylvi Listhaug, landbruks- og matminister
Lodve Solholm, fylkesmann i Møre og Romsdal
Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag
Merete Furuberg, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
Kirsti Kolle Grøndahl, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

Tekst: Mathias Øvsteng 

mathias@kulturarv.no

Publisert 
Mandag, 30 november, 2015
Les også 

Meisterkokk, Per Ivar Berget, kjem attende til Norsk Smaksskule for å jobbe med den storstilte kosthaldssatsinga smaksskulen lanserte tidlegare i år.
Fristen for å rydde kulturminner byrjar no å nærme seg. Vil du eller nokon skular, barnehagar eller lag/foreiningar søkje? Fristen går ut 20. oktober. (Foto: Bente Fønnebø)
Mange kjenner Grundtvigs salme «Kirken den er et gammelt hus». Men få kan alle versene. Selv har jeg forkjærlighet for en strofe i 5. vers: «Husene dog med kirkenavn, / bygget til Frelserens ære, / hvor han de små tok titt i favn, / er oss som hjemmet så kjære.» Senterpartileder, Trygve Slagsvold Vedum skriver i Magasinet Kulturarven.
Jubelen i taket når Gjensidigestiftelsen gjev kr 2,8 millionar til Norsk Smaksskule si forsterka forhaldssatsing.