Hjem / Bodil Nordjore – etterspurd budeie frå Telemark

Bodil Nordjore – etterspurd budeie frå Telemark

Hender på melet bakeplate
Del
Ho har mange jern i elden, tradisjonsmatbudeie nummer ein, Bodil Nordjore. Ho lagar mat rundt omkring, fer land og strand og held kurs og har drive høgskulestudium i tradisjonsmat – men ho rekk òg å skrive bøker. Før jol blei siste boka hennar, «Lefseboka», kåra til Årets kokebok. Nyleg blei ho òg tildelt «Det norske måltids heiderspris for 2014».

VINJE: Bodil Nordjore er oppvaksen i Byrte i Tokke kommune, men bur no i Vinje, nærare bestemt Vinjesvingen, om lag 6 km frå heimegarden Nordjore. Heimen Vidsyn Blåberslòtt der ho og familien bur, ligg høgt og fritt med utsyn nordover mot Smørklepp – det må vel vera midt i blinken for ei matbudeie som Bodil – og austover mot Vinjevatn og Bøgrend. 

Frå Bodil sin heim kan ein sjå så retning Midtbø, der Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas budde, ved Vinjevatn ligg Plassen der Åsmund Olavsson Vinje voks opp, like ved har Odd Nordstoga trødd sine barnesko, og i prestegarden ved Vinje kyrkje song både Geirr Lystrup og Arve Moen Bergset sine fyrste tonar. Og i Smørklepp har penselstrøk frå kjende kunstmålarar som Henrik Sørensen og  Harald Kihle sett spor etter seg. Bodil er i godt selskap. 

 

Bodil Nordjore kjevlar ut ein leiv
Foto: Mona Gundersen

Kompromisslaus formidlar av lokal matkultur

«En av nåtidens største og beste formidlere av norsk matkultur og mathistorie». Slik skriv ein matskribent. Det er difor med ein viss age eg møter Bodil i heimen. Men slikt blir fort gløymt når røykt fisk, sylte, brau, rjome og sennepssaus kjem på bordet, og Bodil møter meg med eit godsleg smil. Ho ser ut til å ha all verda med tid.

Den store forskjellen mellom ei vanleg kokke og Bodil er at Bodil formidlar kunnskapen ut til eit breitt publikum. Så likar ho helst å kalle seg «matmor» framfor kokke. Ho har fengje mange prisar. Sjølv hevdar ho at dette handlar mest om alle dei kjeldepersonane ho har lært av og møtt. Ho legg vekt på at hennar rolle har vore å få fram berarane av denne tradisjonskunnskapen, kunnskap som står i fare for å bli borte. Det er fyrst og fremst kvinner, ofte smålåtne på eigne vegne, som fører vidare eldgamle tradisjonar dei har lært i heimar og i små bygdelag. 

Slik har Bodil sett i gang livsprosjekt sitt, som har ført henne dit ho er i dag. «Vinneren har kompromissløst bidratt til å øke stoltheten for norsk mat – og mange kjente kokker oppgir vinneren som en sterk motivasjonskilde til egen utvikling». Slik skriv juryen i grunngjevinga for prisen «Det norske måltids heiderspris». Betre tilbakemelding for vellykka formidling skal ein leite lenge etter. 

Tradisjonsmat

Alt har ein start. Sjølv legge Bodil stor vekt på perioden då ho dreiv på Mjonøy i Vinje, ein matplass som Bodil var med å utvikle og som etter kvart fekk etiketten kultursenter der maten blei ein integrert del. Det er i fylgje Bodil her omgrepet tradisjonsmat blei teke i bruk for fyrste gong, eit omgrep som Bodil har gjort til eit varemerke. Då Bodil tok til med baking og koking på Mjonøy, bestemte ho seg for å gjera dette skikkeleg. Slik utvikla ho raskt eitt av sine mest kjende særmerke: kompromissløyse i høve til å stå på barrikaden for den tradisjonsrike matkunnskapen som enno finst att i bygdene. 

At ho har vore og er glad i arbeid, er nesten unødvendig å nemne. Bodil og far hennar fekk bygd ein solid bakarovn på Mjonøy frå grunnen av. – Bakaromnen er sjølve hjartet på ein slik stad, seier Bodil. Ho var den fyrste som kom om morgon og den siste som reiste om kvelden. Og folk strøymde til. Bodil fortel at alle ville ha haglette, kling og brau, alt baka for hand. Bodil var audmjuk overfor dei ho hadde lært av og redd for å gjera noko gale, for ho var nærast ein jentunge å rekne på denne tida. – Med bakaromnen blei det nesten heilt texas, dei stod i kø og reiv nesten brøda til seg or hendene mine. Og gleda var uendeleg stor, seier Bodil.

 

Bodil med tegning
Bodil identifiserer seg sterkt med tittelen på denne teikninga av Victoria Husby: «Man blir rik av å dele». Foto: Kjell Bitustøyl

Tid, kjærleik og omsorg

Alle ville ha brød. Og nesten kvar sundag var det grautdag. Slik blei Bodil merksam på at dette var ein kultur som mange var opptekne av. – Men det mangla råvarer. Vanskeleg å få tak i mjølk som ikkje var pasteurisert t.d. Likeins med heimeslakt.

Kva har ho som forklaring slik i ettertid? – Å laga slik mat skikkeleg tek tid. Når du gjer det synleg at det tek tid å lage maten, og at dette handlar om både omsorg og kjærleik, då får dette ein slags status. Bodil opplevde at dette var ein attraksjon midt oppi det moderne livet, noko ein ikkje hadde tilgang i det daglege. 

For Bodil handlar dette om langt meir enn mat: – Sjela treng at ein et langsamt.

Slik har ho utvida omgrepet matkultur til òg å inkludere sjølve måltidet, ikkje minst det sosiale ved å samlast rundt eit bord for å eta. Ho har lage seg sitt eige motto: Kven et kva med kven, kvar, korleis og kvifor? 

Til god mat høyrer òg god drikke, og Bodil utvikla «Fjøllmatakevitten». Etiketten viser eit bilete av turisthytta Mogen. I samarbeid med drivarane av Mogen den gongen, Odd Gardsteig og Helga Gardsteig, dreiv Bodil som matmor over ein lengre periode kvar sommar, både for fotturistar og for spesielle lag. Dette var perioden då Landbruks- og matdepartementet (LMD) hadde gjeve Den Norske Turistforening midlar til å utvikle mattilbodet. Slik blei Bodil Nordjore piloten for LMD i prosjektet med lokal mat, som fleire av DNT sine turisthytter har fått mykje merksemd for. 

OL

Under OL på Lillehammer i 1994 var Bodil på plass og hjelpte til med å lage og profilere maten på Telemarkstunet. Her la ho ned eit ukjent tal dugnadstimar. – Det var etter dette alle ville ha ein bit av meg, fortel ho. Bodil byrja etter kvart å halde matkurs rundt omkring. Ho er utdanna i pedagogikk, og har òg spesialpedagogikk i fagkrinsen. Etter å ha teke ein master i pedagogikk, skaut den meir akademiske sida av livet hennar fart. Ho opplevde at kompetansen ho hadde opparbeidd seg, blei endå meir etterspurd.

Fleire bøker 

Bodil blei klar over at formidling var noko ho måtte satse på, ikkje minst med tanke på å lyfte fram kjeldepersonane. Lite var skrive om denne kvinnekulturen frå før, ifylgje Bodil. Fyrste boka kom i 2005: «Bodils fjellmat». I haust kom bok nummer seks, «Lefseboka» som Bodil valde å gje ut på eige forlag, og som byggjer på oppskrifter frå heile landet. 

Bodil fortel òg om sitt neste bokprosjekt: «Gryta hennar mor – kjøtsupper frå heile Noreg». Nok ein gong reiser ho rundt og lyfter fram lokal mat, ho nemner kjeldepersonane for sjølve skattkammeret sitt. – Det handlar om immaterielt kulturarbeid og handlingsboren, taus kunnskap. Vyrdnad for symbolikk, mat og måltid. Livsriter i gjestebod og gravferd. Å få fram og gjera synleg kunnskapen og personane er mi glede og min rus, seier Bodil ettertenksamt. Å vera raus og inkluderande er elles fyndord ho gjerne brukar.

Prisar

Fyrste prisen Bodil fekk, var truleg i 2005. Etter kvart har ho nærast blitt ein grossist i prisar og utnemningar, og i byrjinga av januar blei ho tildelt landets viktigaste matkulturpris, «Det norske måltids heiderspris for 2014». At namn som Ingrid Espelid  Hovig og Arne Brimi er på lista før henne, plasserer Bodil i det absolutte toppsjiktet innafor norsk matkultur. Juryen skriv: «Bodil Nordjore har gjennom undervisning, foredrag i inn- og utland, bokutgivelser og matprogram formidlet landets mange matskatter kunnskapsrikt og inspirerende.»

Tradisjonsmatstudiet

Eit viktig kapittel har vore Tradisjonsmatstudiet i Rauland, knytt til Høgskulen i Telemark. Like før jol blei det kjent at studiet blir lagt ned, men Bodil har ikkje mista munn og mæle av den grunn. Ho rettar blikket opp og fram og trur på eit nytt liv ein anna stad. Det har vore eventyrleg interesse for studiet, siste studieåret var det berre plass til 1/3 av dei som søkte. Initiativet kom frå Folkekulturstudiet i Rauland, og i LMD sat Bjarne Håkon Hansen, som òg spela ei rolle. Sjølv blei Bodil ringt opp og spurt om ho ville vera med på dette. 

Finn Børre Stokholm, som har vore forelesar ved studiet, formulerer seg slik om det stempel Bodil har sett på dette studiet, han siktar her til små og mellomstore produsentar av mat med lokal identitet og «faktorer av kritisk betydning» for desse: «Kunnskap om bruken av lokal råvarer, kunnskap om bruk og vidererutvikling av lokale råvarer og retter og ikke minst: Kunnskap om hvordan skape stolthet og entusiasme for mat med lokal identitet. Det er utvikling og formidling av denne type kunnskap og kompetanse som er Bodil Nordjores prosjekt.»

Sjølv oppsummerer Bodil med at studiet har skapt eit stort mangfald med folk frå heile landet, men òg utlandet. Studiet har vore som eit slags førarkort i tradisjonelt matstell, meiner Bodil. Dette seier ho med bakgrunn i tilbakemeldingane ho har fengje. Og ho opplever at studentane har fengje meir enn dei hadde håpa på. Ho kan sjå tilbake på næringsvekst ute i distrikta, ein vekst tidlegare studentar ofte er involvert i. 

Bodil er overtydd om at ein må underkaste seg kunnskapen og bruke den til å vitalisere tradisjonskulturen og dei verdiane den står for. Sett utanfrå kan det verke som om høgskulesystemet vårt meir treng slike som Bodil Nordjorde enn omvendt. Ho har så mange bein å stå på at ho har nok å drive med resten av livet. Det er større grunn til å bekymre seg over at prioriteringane innanfor akademia skal gå i retning av endå meir teori, og det i ei tid der sentrale politikarar har slege varsellampene på når det gjeld teoretiseringa som har funne stad t.d. i dei vidaregåande skulane – med mindre vektlegging på praktisk og handlingsboren kunnskap. 

Foto: Mona Gundersen, Kjell Bitustøyl

Tekst: Kjell Bitustøyl. Lærar i forming og musikk, mastergrad i kulturstudium. Redaktør, journalist, fagbokforfattar og fotograf. Underviser i foto. Ulike frilansprosjekt, arbeider med tamreinhistorie og kartlegging av samiske kulturminne i sør, kontorstad Norsk Villreinsenter på Skinnarbu.

Publisert 
Mandag, 9 november, 2015
Les også 

Haag, 21 mai 2019. Vinnere av De europeiske kulturminnepriser/Europa Nostras priser 2019, den høyeste utmerkelse innen sitt felt i Europa, ble kunngjort i dag av Europa-kommisjonen og Europa Nostra, det ledende europeiske kulturminne-nettverk. De 25 prisvinnerne fra 16 land har fått anerkjennelsen for sin imponerende innsats innenfor bevaring, forskning, særlig innsats og utdannelse, læring og bevisstgjøring. Blant årets vinnere innenfor kategorien «særlig innsats” er Fortidsminneforeningen. Vinnerne vil bli hedret i Paris 29. oktober ved pristildelings-seremonien under Den europeiske kulturminnekongressen.
Tysdag vart Norge på tvers avrunda med smaksfest på Hesby barnehage på Finnøy i Rogaland.
Vi har lenge vært kjent med at det står svært dårlig til med tilstanden til vikingskipene på Bygdøy i Oslo. Omfattende studier de siste årene av tilstanden til Gokstad- og Osebergskipet har konkludert med at det må settes inn tiltak umiddelbart for å unngå store skader eller i verste fall kollaps. Ledelsen ved museet mener et nytt museumsbygg må til for å ta vare på skipene på sikt.
Fortidsminneforeningen inviterte Kulturminnefondet og Stiftelsen Norsk Kulturarv til kulturminne-fagleg rundreise på Jæren. (Fv. Erik Lillebråten, Elisabeth Søyland, Jarle Braut og Simen Bjørgen ved gravrøysene kring Hå gamle prestegard. (Foto: Emma Kwesiga Lydersen)