Hjem / Berget tilsett i Norsk Smaksskule

Berget tilsett i Norsk Smaksskule

Del
Meisterkokk, Per Ivar Berget, kjem attende til Norsk Smaksskule for å jobbe med den storstilte kosthaldssatsinga smaksskulen lanserte tidlegare i år.

Seinhaustes i år lanserte Norsk Smaksskule si nasjonale kosthaldssatsing som dei startar opp på nyåret i samarbeid med Gjensidigestiftelsen som løyva om 2,8 millionar til prosjektet. I to og eit halv år framover skal Norsk Smaksskule arbeide systematisk med positiv atferdsendring knytt til barn og unge landet over. No er ein kokk tilsett i samband med satsinga – og det vart ein gamal kjenning for smaksskulen.

Per Ivar Berget har bakgrunn som mangeårig kjøkensjef på Arne Brimis Vianvang i Vågå, fram til han våren 2015 vart tilsett som kokk og kurshaldar i Norsk Smaksskule. Berget slutta i Norsk Smaksskule i våre, men er no attende for å vera ein del av den nye satsinga på smak, kosthald og ernæring.
- Vi er svært glade for å ha Per Ivar attende i våre rekkjer og vi ser fram til å ta fatt på kosthaldsprosjektet som no sparkast igong over nyttår, sier leiar for Norsk Smaksskule, Tor Valdvik. Valdvik fortel at Berget med si erfaring frå kokkefaget samt kursverksemd i og utanfor smaksskulen gjorde valget enkelt.

Per Ivar Berget ser fram til å ta fatt på jobben i Norsk Smaksskule. – Eg har no vore ute eit halvt år, så eg ser fram til å fortsetja dette viktige arbeidet. Eg kjende at vi har mykje ugjort og ser fram til å  vera med å utvikle Norsk Smaksskule vidare.
 

Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Stiftelsen Norsk Kulturarv som arbeider for at barn og unge skal få flest mogleg smaksreferansar i ung alder. Dei arrangerar kurs for lærarar og barnehagelærarar og besøkjer skulane og barnehagane i ettertid. Formålet med arbeidet er å skape bevisste forbrukarar for framtid.
 

Publisert 
Onsdag, 15 november, 2017
Les også 

De fleste tror at bygg som Bergstadens Ziir eller Kongsberg kirke er fredet. Sannheten er at noen av landets betydeligste byggverk er i ferd med å miste alt vern mot rasering og rivning, skriver forsker Margrethe Stang. (Foto: Kongsberg kommune)
Dagens gladnyhet for tradisjonshåndverket er signert Sparebankstiftelsen DnB. De har nemlig innvilget Forbundet Kysten sin søknad om midler til et fireårig tradisjonsbåtprosjekt. Nå har de 7,8 millioner på bok og en plan! )Foto: Ulf Mikalsen
Ønskjer du å søkje om prosjektstøtte til kulturvernarbeid? Fyrste søknadsfrist til kulturrådet er 2. mars.
Er du klar for å fordype deg mer i tradisjonelt bygghandverk eller bygningsvern?