Arne Brimi

Arne Brimi er initiativtakar til Norsk Smaksskule

Arne Brimi er initiativtakar til Norsk Smaksskule 

 

Norsk Smaksskule er ein mataksjon i regi av Norsk Kulturarv og meisterkokken Arne Brimi. Arne Brimi har eit brennande engasjement for norsk mat- og råvarekultur. Han er oppteke av dei reine råvarene og dei ekte smakane. ”Den opprinnelege smaken” kallar han det.

Brimi er mest kjend frå fjernsynsprogrammet «Gutta på tur» på TV2, der han har ført sjalottlauken inn i det norske kjøkkenet. Brimi er utnemnd til æresdoktor ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Han har også gjeve ut fleire kokebøker og er kjend for koplinga mellom mat, natur og helse.  Arne Brimi var i 1987 den første norske kokken som deltok i kokkane sin uoffisielle verdsmeisterskap Bocuse d’Or.

Norsk smaksskule vil fokusere på mat, landbruk og lokale ressursar i ei erkjenning av at barn blir kjent med eige distrikt og veit kva det har å by på. På denne måten blir det skapt gode ambassadørar for kvalitetar i lokalmiljøet.

 

I dag eig og driv meisterkokken Vianvang, kor større og mindre grupper av mat- og naturglade gjestar tek turen. Her arrangerer han også matkurs for unge og vaksne og store og små grupper. Vianvang er ein del av Brimiland, som er åstad for mat- og naturopplevingar av alle slag.

Døra er høg, og porten vid på Vianvang.

Døra er høg, og porten vid på Vianvang.

 

Brimi er oppteke av mat, smak og råvarer som ein viktig del av kulturarven vår og identiteten vår. Da Norsk Kulturarv fekk 1,5 millionar frå Sparebankstiftinga DNB Nor, var Arne særs takksamd. –  Det er heilt fenomenalt, men eigentleg så er det ein menneskerett for alle ungar i Norge å få med seg identiteten ut i livet, sa Brimi den gongen.

Norsk Smaksskule startar opp pilotprosjektet hausten 2013 og søknadsinformasjon kjem ut like etter påske.

 

 

 

 

 

Molte à là Brimi

Molte à là Brimi

 

 

 

 

 

 

 

Namn på søkjar og kontaktperson(obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Gjeld søknaden barnehage eller skule ?
 Barnehage Skule

Er barnehage/skule offentleg eller privat ?
 Privat Offentleg

Aldersgruppe/klassesteg ?

Er kommunen medlem av Stiftelsen Norsk Kulturarv ?
 Ja Nei Veit ikkje

Prosjekter i våre samarbeidskommuner vil være prioritert

Korleis vil skuleklasse/barnehagegruppe setja fokus på norsk mat- og råvarekultur?
(Maks 500 teikn)

Norsk Smaksskule arrangerar kurs for pedagogar for å auke kompetansa om norsk mat- og råvarekultur og ernæring. Kurset vil vera gratis for dei som får anledning til å delta, men reise og overnatting i Ottadalen må betales sjølv. Ynskjer du som lærer eller barnehagepedagog å ta del i matkurs med Arne Brimi og Morten Schakenda?)
 Ja Nei

 

 

 

 

 

 


Samarbeidspartnere